Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
med vonlaus elsk: skreiv dikt. — Dei tankar
Steffens hadde vekt, tok honom att, og smått um senn
arbeidde han seg ut av dette.
Um våren 1808 reiste han frå Langeland til
Kj0benhavn, der han vart lserar i historie på det
Schouboeske Institut, ein av dei mest kjende
sku-lar i Kj0benhavn den gongen.
Medan han var på Langeland, sende han ut fleire
arbeid, millom desse ei lserd utgreiding «Om
Religion og Liturgi». I 1808 skreiv han «Nordens
Mythologi»j «Maskeradeballet» og i 1809 «Optrin
af Kjsempelivets Undergång i Nord». Hans
dik-targåver var vekkte for ålvor, og mange tok til å
sjå på honom med store voner. Han kom i lag
med dei mest åndfulle menn i Kj0benhavn. Mange
av desse vann seg sidan namn, som nådde langt
utanum heimlandet. Det er sj0lvsagt at samlivet
med desse hadde det st0rste verd for den unge
diktar. Det var hans «ungdoms stolteste dage».
Millom dei han kom saman med, var
nordmen-nene Georg Sverdrup, Sven Hersleb og
Niels Treschow.
Utanför denne litersere ringen var det vel ikkje
mange som endå kjende noko st0rre til honom;
men soj hende noko, som med ein gong gjorde
namnet hans kjent over heile Danmark og endå
vidare, og som kom til å skjeple dei
framtidsplanar han hadde lagt.
Vinteren 1809—10 vart den gamle sokneprest
i Udby, som no var 76 år, so skral av helse, at
han måtte sjå seg um etter ein mann til hjelp i
embettet. Han vilde helsti ha yngste sonen sin
til kapellan. Den unge Grundtvig hadde ikkje
stor hug til å fare frå hovudstaden no, då han tok
til å få namn som diktar og vitskapsmann; men
sidan det galdt um å hjelpe den gamle faren sin,
lova han likevel å kome.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>