- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
39

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Men band vart bundne der, fastare enn alt som skil —
samværet sette merke. Ingen har gløymt eller kan gløyme
den vinteren der hjaa Bruun.

VII.

Eg kan ikkje her gaa nærare inn paa den hårde og
seige striden som tok til um desse karane, etter kvart
som prestane og folket saag kva skulen vilde og bar i
sitt fang, og som enda med at Vonheim laut leggje aarane
inn og slutte*). Eg er kanskje ikkje den rette til aa
greie den ut heller. Men nemne skal eg, at dei krefter
som den dag i dag er uppe imot folkehøgskulen, dei same
kreftene reiste seg i alt sitt veide imot Vonheim. Det er
materialisma og pietisma. Til fyrste slaget maa ein daa
rekne ikkje berre den raae, men og den fine, eller
by-jaaleskapen. Desse maktene, som liksom raar for kvar
sitt rike her i Noreg, er meir i slekt med kvarandre enn
nokon veit som ikkje har freista deim. Og
folkehøgskulen, som ikkje kunde vike av vegen, um han skulde
vera seg sjølv tru og gjera sin misjon, han fekk deim
baae paa halsen. Og so kom Bjørnson og hildra deim,
og gjorde mykje ustyr og ugagn. Det var ei vond tid
for alle som hadde gledt seg paa sumar; kanskje aller
verst for Bruun. Ingen har vel elska Bjørnson so som
Kristofer Bruun**).

Dei som stod utanfor denne striden kunde sakte ha
lett for aa segja at det var veilor og mistak paa skulen
si side: for lite av klok varsemd, for lite tilgjevande
kjær-leik, for mykje stridshug, serleg i politiken, for mykje
radikalisme paa sume teigar, for mykje konservatisme att
paa andre osb., men alle slike klagor høyrer heime i ut-

*) Skulen slutta i 1893. Ingvar Bøhn „stod paa skansen" til det siste.

**) Fordi han fekk sjaa so djupt ned i dette store naturbarnet.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0041.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free