- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
40

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

kantane, og naar eg tek unda den um kjærleiken, so er
dei alle saman for smaa til aa feile dødsdom over ein
skule som var bygd paa so store livs-sanningar. Hadde
berre gudbrandsdølene skyna, kva desse offerviljuge
men-nene vilde i botn og grunn, so hadde dei aldri brytt seg
um dette mindre som skiide.

No gjorde dei det til hovudsak og hovudanke. Nei
hjarto var attknepte og uferdige. Um det hadde korne
ein engel fraa Gud og gjort seg til menneskje og styrar,
han vilde ikkje korne stort lenger med folkehøgskulen
sin han heller, er eg rædd.

Den mildaste domen, og den sannaste kanhende og,
er at skulen kom for tidleg, gro-veret var ikkje korne i
jorda. Frøet var godt, og saamennene dei beste som
fanst eller var aa faa. Men kva hjelpte alt saman, naar
jorda var kald so det ikkje fekk brydde. Hadde so store
og sterke krefter vore sette i gang og arbeid paa ein stad
i Danmark — sa Schrøder — so vilde kanskje
tiand-parten av bøndene sendt sine søner og døtter dit, og dei
hadde lote bygt ein by aat folkehøgskulen sin. For der
var jorda i gror. Der hadde Ansgar pløgt og saatt;
lutherdomen hadde korne med endaa meir; og mange etter den
tid; sist Peder Larsen fraa Dons, Grundtvig, Birkedal og
Kold. Eg er ikkje langt fraa aa meine at Schrøder hadde
rett. I vissa veit eg at hovdingane der nede — Schrøder,
Trier, Nørregaard, la Cour, Bågø, Birkedal, Hoff—saag
upp til Bruun som den sterkaste og beste vi hadde
millom menner*). Og daa Bruuns „Folkelige grund-

*) Daa eg reiste heim fraa Danmark um vaaren 1881, sa Schrøder:
„Hils nu Kristofer Bruun meget, og sig ham en ting fra mig:
Nu maa han om muligt standse med al anden skrivning og
hvæsse sin pen imod Brandes — tage kampen helt op med
Georg Brandes. Jeg kjender ingen nu i vore lande som bedre
vil kunne magte at holde den mand stangen. Sig ham nu dette
fra mig.“

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0042.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free