Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
So laut vi te med Arne og Synnøve,
Falk-Ytter-bøkene, Kongsemneme, Mellem Slagene, Islands-sogor
paa dansk, Tusen och en Natt paa svensk, Topelius paa
same maal o. s. b. Ja til og med Vilsters Odyssé las vi;
vi hadde ein gut som las denne siste so det berre vogga
i stugu’n. Men Asbjørnsens eventyr var „for gode" te
aa lesa; deim fortalde vi.
Men det la eg daa snart merke te, at naar det galdt
innhald var det ingen ting som hadde slik makt over
borna, greip deim so fast um hjarta og gjorde deim
still-farande og gode — som det vi fekk utor Bibelen, og so
desse smaastubbane mine, fraa eg var smaagut, berre eg
fortalde deim friskt og sant. Det var um Graaen vaar,
eller um ho Frøya, eller um han Torgjeir Kniv, um
Aamund bror som døydde, eller um Vesle Ragnhild, um
far, um mor — same anten det var Iøglegt eller
aalvorsamt — daa blenkte augo deira og dei livde med i det,
reint som dei saag det. Visst gjorde det sitt at eg
fortalde og ikkje las. Men det var ikkje alt. Nei, desse
sogone laag dei so nær, so nær.
So tenkte eg: dette kunde du vel skrive upp aat
deim, og la deim lesa det sjølve.
Soleis bar det te med tanken paa ei lesebok for born.
Og meir og meir fekk eg aa skrive um daa eg fyrst kom
meg i veg.
Men det skulde gaa mange mange aar før eg vart
ferdig — over 20 aar! Eg drøymde ikkje um alle
vanskane eg, den gongen.
I 1889 sende eg likevel ut eit 1ste band te ei prøve.
Mons Litleré i Bergen mana meg te det; og han spreidde
ut tvo eller tri tusen. Daa var eg ved folkehøgskulen i
Hardanger og hadde kjering og born og gård.
Men boka var for einslungi, og for høgt lagd for
vanlege born i den alder — same kor fint og vent alt
var fortalt. Ho maala for mykje, med rosor og fine
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>