- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
67

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

fargar, og hadde for lite med kvike og friske hendingar.
Og berre døla-liv upp og i mente, mest ingen ting fraa
hav-kanten. Og so min stil paa det alt saman.

Daa var eg motfallen ei heil tid, og tenkte eg kunde
no nytte stundene mine betre enn aa kaste deim burt
paa ei bok, som eg likevel ikkje fekk-te so ho vart te
gagn.

Men so sette eg ei øks tvert gjenom fotbladet mitt,
ein dag vi var paa lauvskog. Og daa fekk eg so god tid
te aa tenkje, at eg „tenkte“ dette kunde vera ei straff for
at eg hadde svikta.

So var det paa berran botn aa ta te att. Velja
strengt — berre det som var nakne hendingar av mitt
eige. Ikkje noko langprat — berre fortelja. Stutt og
greitt, utan fusk og fals, paa beinaste og einklaste vis!
Sidan vilde eg la kona høyre det, og dei tvo eldste
smaa-gjentone — og leggje vel merke te kva dei brydde seg
um. Det som hadde stade for den domstolen laut faa
koma inn i boka.

Men paa den maaten vart det lite att taa meg og
mitt. Og fraa bøker var det ikkje mykje aa finne den
gongen, so fatige som vi har vore og enno er paa
barne-lesnad. — Nei, eg maatte faa gode folk te hjelpe meg aa
skrive.

Og mange har hjelpt. Sigurd Nesse var nok den
fyrste. Han saag igjenom haugar med handskrift aat lste
og 2dre band, og har sete mang ein lønlaus dag, og natta
med, denne trugne gamle venen. Aa rekne seg løn var
hans ære for nær, i dette arbeidet. Han fekk meg te aa
sjaa klaart at den fyrste boka (fraa 1889) var for einlagd
— vi maatte ha friskt umbyte alt i eino, slike var borna,
sa han — og han gjorde uppkastet te dette vanskelege
lste bandet. Sjølv gav han taa sitt eige, det eg bad um,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0069.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free