- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
106

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Eg trur de skulde ta bladet fraa munnen, de lærarar,
og upplyse foreldra um dette; samle deim til møte, og
leggje ansvaret heilt over paa deim. For dei fleste
forel-dre tenkjer ikkje paa dette — vil ikkje ha det bryet.

Ja, korleis skal vi faa knyte desse fine banda, som
slitst og slitst — millom heimen og barneskulen — so
borna vaare kan faa vekse?

Vi har daa funne att eitt godt band no, og det er
morsmaalet aat barnet. Det bandet maa de lærarar aldri
la faa siakne, kor mange uvituge foreldre det so finst som
set seg imot det.

Læraren maa samle seg sterkare um seg sjølv, um
sitt eige personlege liv, enn han har gjort før, og bera
det fram aat bornom. Berre daa kaliar han paa dei
personlege evnor og krefter hjaa sine smaa. Berre naar det
brenn i læraren, kan det fata i borna. Daud kunnskap
er verre enn ingen kunnskap. Gjenom borna vinn du
heimen. Faa liv i borna dine — daa kjem heimen av
seg sjølv og takkar deg.

Eg er ingen ven av lærebøker i barneskulen. Dei
har vorte te sovarputor for baade lærar og born. Dei er
beingrindar for det aller meste; eg er rædd dei har gjort
meir skade enn gagn.

Jau, i rekning maa vi ha lærebøker, og i natur- og
landkunne; og kart og plancher og bilete maa vi ha —
og greier aat fysik og kjemi. Men vi maa daa ikkje tru
at dette er trolldrikken som skal hjelpe dei smaa
aaske-fisane vaare te aa lyfte trollsverdet. Nei, det maa bli
læraren det. Er han so levande at det straalar styrke ut
i fraa han? Dette biir spursmaalet — fyrst og framst i
alt som heiter historie, forteljingar, soge.

Og til nærare ein kjem centrum i barneskulen —
det aa byggje upp hugen og viljen til det gode — til meir
er det læraren det gjeld um.

Fyrst og sist i kristendoms-undervisninga.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0108.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free