Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Der vil no eg helst ingor lærebok sjaa — berre
læraren som fortel, etter Bibelen og soga. Salmebok og
song-bok maa dei ha; og katekisma med dei fem partane bør
han setja deim inn i. Men ikkje forklaringar utanaat,
korkje etter Luther eller Pontoppidan.
Det er spott og skam og synd at kristendomen vart
dregen ned til eit fag, ved sida av rekning og skriving
og „andre kunnskapar“. Her bør læraren faa staa fritt,
med det vesle av liv som han eig, og kan vera andsvarleg
for. Berre dette kan han med sanning bera fram aat
bornom sine. Og eksamen her vil eg ikkje ha.
Men kven skal so kontrollere læraren? Det skal
foreldra gjera.
Men har daa ikkje staten, samfundet, baade retten og
plikta her?
Nei. Staten har som stat inga interesse av aa
uppdra oss te evigheits-menneskje. Men berre te lovlyduge
og dugande samfundsborgarar. Og naar han har teke
kristendomen i si tjenest te dette bruk, og krev eksamen
her, so har han med skitne hender gjort seg te „varg
i veum“.
La so foreldra faa att den retten og plikta. Kanskje
dei daa etter kvart kunde vakne att, koma paa skulen
og høyre kva læraren fortel aat bornom deira? Som det
no er, søv dei.
Enn um dette er eitt av dei band, som kan binde
skulen til heimen — naar læraren staar fritt i det centrale,
og foreldra nøydest te aa ha ein lærar dei samstavar med,
ein som dei kan tru borna sine aat?
Dette ser radikalt ut. Men det rare er, at so radikal
er nettupp Gud sjølv.
Te større eit gode er, te meir skjemmest det ut naar
det kjem med tvang. Og paa deim som ikkje bryr seg
um det, paa deim verkar det aller skadelegast. Dei biir
anten sløve eller forherda. Her har staten gjort seg te
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>