Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
over dette „spartanske" livet, som „let att alle glas" og
stengde seg inne i den „graae bonde-norskdomen"–––––
— medan vi, som levde nær dette livet og saag den
storstilte einfelda aat Vonheims-karane, vi song:
„Og Balder er fager, og dagen er ny,
— og Breidablik borga den ljose —
her lyser um jord og her gløder i sky, —
her gror det med liljor og rose.“
Og vi kom i hug med sorg korleis Bjørnson — far
til „Synnøve", „Arnljot Gelline" og „Faderen" —korleis
denne staute Bjørnson ei heil tid var innfanga av den
same aand og treivst i denne fredfulle bondedaamen som
kviide over gamle Vonheim. Vi mintest dei sterke orda
han hadde sagt og dei sterke songar han hadde sunge.
For her var i sanning tilfang, og tilsprang til ein
norskdom so høglagd og rein, at ingen høgskule sidan har
havt maken — endaa tvo av hovudkjempone tala
norskdansk og ikkje norsk.
Vi kjende oss heime — der var all ting naturlegt
og sant. Den same aand batt oss ihop, so vi gløymde
oss sjølve, og just kunde vera oss sjølve — finne oss
sjølve i sanning.
Det var den beste smeltedigelen for norsk ungdom
som eg har kjent. Der fekk Stefan Frich kveiken sin
til ein ny ungdom, daa han kom der ikkje 30 aar, men
utsliten, gamal og trøytt . . . der stod Johannes Skar
uppatt som fraa dei daude til sitt rike arbeid i Sætesdalen
. . . der voks Matias Skard upp til det han vart, Karl
Seip, Blekastad-karane, Peter Kraabøl, Lomværer i flokk
og fylgje, og bondegutar her og der, som sidan vart
soldatar i norskdomheren kvar i sine bygder. Der fekk
Utheimane kveiken sin, Per og Synnøve Riste, Sigurd
Reinthon, Olav Aasmundstad — endaa er ikkje nemnt
meir enn ei kvinna.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>