Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
III
Kva var det som drog so aat Vonheim? Var det
ein abstrakt norskdom? Eller kunnskap, t. d. i fysikk
eller geometri? Nei, det var manns-mønstera dei synte
oss — or soga. For maken til soge-skule hev visst
Noreg aldri havt. Og desse mønstermenn og
mønsterkvin-nor — fraa Austerland, Grækarland og Europa — drog
Bruun og Bøhn saman til eit einaste stort
kjempemen-neskje i toppen, som straala over alt menneskjeliv paa
jord: den historiske Jesus Kristus.
Endaa dei var teologar, vaaga dei dette. For dei
tala siett ikkje um kristen domen og aldri um eit dogme.
Endaa mindre moraliserte eller formana dei oss. Nei,
dei fortalde — um honom; synte oss livet hans. Og
det var forteljingar: Det gneista av deim..............vi
ikkje berre høyrde, men saag.
Det var ei høg tropp upp til profeten fraa Nasaret.
Der laag Abraham som grunnmur, der stod Moses,
lov-gjevaren aat dette eventyr-folket, Gideon, Jefta, Samuel,
David, og rekkja av profetar fraa Elias like til døyparen.
Og so heidninge-verda — grækarfolket — med sine
vis-menn og heltar, Assyria, Ægypt, Babylon — alt var
vyr-kje aat denne veldige troppa upp til den eine store,
menneskjesonen, paa toppen . . .
Kristus var den løynde drivkrafta til alt aandsarbeid
i Vonheim. Han var med, anten dei fortalde fraa Noreg
eller fraa Jødeland. For her gjekk saftlaupet ustanseleg
— utan honom hadde dei ikkje greidt det korkje i rot
eller topp. Dei saag han med sine norske augo, men
han hadde lært deim aa sjaa paa norskdomen med hans
augo. Han var baade rot og topp paa livstreet i Vonheim.
Og korleis dei tok det med oss bondegutar som kom
der som raaemne — desse karane — det er rart no aa
tenkja paa.
A. Austlid: Salt.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>