- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
202

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

det aa vera livsarbeidet aat døyparen. Og slik makt laag
det paa at det vart gjort — at det vart lækt, dette saaret
millom slekt-ledom — so at heile jordlivet stod i faare,
stod framanfor sitt anten — eller for den skuld. „— at
eg ikkje skal koma og slaa jorda med bann“. „— at det
maa gaa deg vel, og at du lengje maa leva i det landet
Gud Herren gjev deg.“ Her har vi natta og dagen, dei
tvo halve kulone hoplagde til ei.

No burde eg kanskje spinne denne traaden lenger,
føre denne lova andlet til andlet med oss sjølve — so vi
fekk sjaa ho levande den dag i dag, baade i det offentlege
og private liv. Det kunde talast ein time til, og so per-
sonlegt at det gjekk til merg og bein, um den tingen.

Men eg vil vera stutt; eg vil gje dykk nokre gode
raader.

Vi lever i ei rar tid — rik paa uppdagingar, rik paa
nye tankar og synsmaatar. Og bøker og blad fyk umkring
oss, og vi les. Det gaar med damp; snart kjem det vel til
aa gaa med elektrisitet. Det er skular av alle slag, og vi
reiser og er burte eit aar eller tvo, og kjem att — og kjenner
knapt att oss sjølve. Men dei gamle — er gamle, dei; er dei
same som daa vi reiste. Dei staar der dei stod, kan ikkje
fylgje oss inn i ei ny tid — etter det ordet, at det ein i
ungdomen røyner, ein ikkje i alderdomen gløymer. For
det er berre ein gong vi tuftar under oss, det er naar
vi er unge. Ja, so staar dei der, sume med spott og
kaldflir, sume med hårde domar, og mange med hjarteleg
sorg over denne ungdomen — som er vorten so hov-
modig og gudlaus at han trur han kan meistre alt millom
himmel og jord, og tek seg til med so mangt rart som
dei ikkje visste um. Og dei unge er freista te aa betale
attende med same mynt. — Men det vil eg faa segja so
sterkt eg kan: Det svar ar seg ikkje. „Det skal sterk
kar te aa dra reip med sin lagnad," sa dei gamle. Men
vi kan segja: Det skal sterkare kar te aa dra reip med

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0204.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free