Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Arne Garborg: Aa døy
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
„— Daa saag eg Dauden i Augo.
„Aa ja; — den Gongen ho kom av Dage, ho den Jomfrua
,.Hm. I næste Augneblinken laag eg der nede, det visste eg.
Der, paa den Flekken, vilde eg falla; ikkje midt i Kvervelen, men
attmed; og der skulde eg liggja i næste Andedrag; Jamvigta i meg
vikle alt til aa svikta . . .
„Daa kom der ei uendeleg Ro yver meg. Eg augnefeste den
Flekken, der eg skulde falla; gjorde meg kjend med han; og med
ein Gong saag han meg so god og mjuk ut. Det var som Elva
paa den Staden fekk Andlit og Uttrykk. Eit rolegt, godt Uttrykk.
Med eit stort, dimt Auga saag ho upp til meg arme Kryp, der eg
hekk og svimra paa Brukanten, og det var som ho tala til meg.
„Kom du; eg er kje so kald som eg ser ut.“ Og det vart stilt i
meg; Verda gjekk upp i Sus, og eg var ferdig. Eg vikle koma;
no kom eg; eg gav meg upp, og det vart liksom so trygt. —
„Jamvigta tok til aa slitna, sleppa meg —; daa kjende eg
millom Fingrarne paa den vinstre Handa ... eit Straa —. Ikkje
den linnaste Draum hev eg um, korleis eg hadde fengje fat i det;
helder ikkje veit eg elder forstend eg, kor det gjekk til, at eg i
same Stunda hadde Tak, fullt Tak, og rette meg upp, og fekk
knipa meg attum Lasse; det einaste, eg hugsar, er, at Drengjerne
kom springande og skulde sjaa etter meg; men daa var eg herga.“
Eg sukka langt ut. Han Morbror tømde Glase sitt; det rykte
i Armen hans, og han strekte seg i Stolen.
..Hm! — Etterpaa vart eg rædd, so rædd, at eg skalv
Men naar ein ser Dauden i Augo, fæler ein ikkje.“ —
— Det kom for meg, at det visst ikkje var godt, at han Mor
bror tenkte paa desse Ting no, og eg .prøvde aa faa han inn paa
andre Emne. „Det er sant,“ bøygde eg av, „hev du set noko
meir paa den nye blakke Hesten hans Far? Er han kje staut,
tykkjer du?“
Hestar var det einaste, han enno brydde seg um, og snart
var Dauden gløymd for den blakke Polen.
Men fraa denne kom han yver til ein Hest, han sjølv hadde
havt ein Gang; og fyrr eg visste Ord av, var me inne paa det
same som me hadde tala um fyrr.
„Ja Borken, ja — hm. No er han gamall, Stakkar, og gjeng
for Plogen. Men i sin Ungdom var han kaat, hm. Hm-hm! —
og dermed vart han og Orsak til, at eg eingong fekk helsa paa
Dauden.“
405
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>