- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Ellevte aargang. 1900 /
19

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Arne Garborg: Profetsorg - I

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

PROFETSORG

Eg, Asram, Skalden, fylgde Herrens Ord, som han gav
meg i mitt Hjarta, og vandra um i Lande og saag, kva
Folke tok seg til.

Og eg saag, og mi Sjæl vart i mitt Liv til eit blodande
Saar; ja til eit Saar som bløder og aldri grøder vart mi
Sjæl; for eg saag, at Folke maa doy; og der er ingen som
frelser.

Sine Fedrar og sin Fedra Gud hev det gløymt; naar han
vert nemnd, spottar det og seier: kven er han? Vil han og
vera ein Gud? Elder er der andre Gudar enn Kanaans og
Edoms Gudar?

Seg sjølv hev det gløymt, og sine Skikkar og si Lov; og
leven skulde daa frelsa? For det lær aat seg sjølv og sine
Skikkar og segjer: me er ikkje Saudegjætarar.

Og det veks Mose paa dei gamle Altari, som sig i
Røys, og Rev og Maar hev sine Gøymsle der, og Øle og
Skorpion bur millom Steinarne.

Men Profetarne fraa Filisterland og Edom høyrer dei paa,
og for deira Gudar vigjer dei Altar og Lundar, og ber Offer
dit. Matoffer og Takkoffer og all Feita av Marki;

og Gull og Sylv bér dei dit; Mannen tek Ervesylv av
Skaap og Kona dreg Fingergull av Hand, og alt bér dei
saman til dei framande, at dei kann faa vera med millom
dei og sitja til Bords i deira Gilde.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 22:36:36 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1900/0027.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free