- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Ellevte aargang. 1900 /
20

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Arne Garborg: Profetsorg - I - II

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

20

Arne Garborg.

Og med framande Ord ropar dei til framande Gudar og
dansar framande Dansar til deira Pris, og lærer nye Son gar
og Skikkar;

og gjev seg yvi i Avgudshövi til Villskap og Ørske og all
framand Styggedom; og der er ingen lenger, som kjem i Hug
deg, vaar Gud, eller Fedrarne, som du gav Lande, at dei
skulde hu der og byggja; og dei budde der, kvar under si
Ufs, trufaste mot deg og Lands Lovi.

Dette saag eg ; og eg sagde: Sandeleg: Herrens Domar
kjem; og kven vil daa frelsa dette Folke, som eg eiskar?

Og mi Sjæl greet.

Og mitt Hjarta er tungt i meg, og det verkjer i mi Bringe
som ein Styng, som ein vond Styng; og det forsmaar Trøyst,
og hev Uhug til Giede og lette Ord; for mitt Folk døvr; og
der er ingen, som frelser.

Reis deg, Herre, i ditt Velde! Send Elden din og brenn
ut alt det rotne i ditt Folk, send dine Toresteinar og opna
Himmelslusarne, at ein ny Flaum kann koma og taka burt
det vonde og det som er sjukt; men um det var berre meg
og mitt Hus aaleine, som enno trudde ditt Ord, so frels meg
og mitt Hus, og reis deg sidan av meg eit nytt Folk, som du
reiste Israel av Jakobs Lender!

II.

i

Men Herrens Ord kom til Profeten; og Herren sagde:

Gakk upp i ditt Hus, til dine tvo Søner og dine K vende!

Og Asram reis upp og gjekk heim til sitt Hus.

Men daa han kom fram, der han saag Huse, og
Lunden ovanum Huse, daa saag han sine Kvende og sine tvo
Søner, at dei hadde reist eit Altar i Lunden, og at dei öfra
paa Altare, og dansa der og heldt Gjestebod; og daa ban kom
nære inntil, høyrde han, at dei song Avgudssongar og ropa
til framande Gudar med framande Ord.

Og dei hadde klædt seg i kanaanitisk Stas, og dei hadde
henta seg Prestar og Dansarar fraa Tyrus og fraa Sidon.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 22:36:36 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1900/0028.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free