- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Ellevte aargang. 1900 /
22

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Arne Garborg: Profetsorg - III

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

22

Arne Garborg.

Myrkre er yvi deg, og du er sjuk av Harm; og fordi du
elskar eit dømt Folk maa du døy; men di Sjæl skal leva,
fordi dette Folke som du elskar, var ditt Folk.

Men syrg ikkje yvi det lenger; for det dømer seg sjølv,
og det vil ikkje leva.

Difor er det dømt, at det skal laupa etter framande og
tena hjaa framande og ikkje eiga Heim.

Og eg driv det ut og spreider det yvi Jordi, at det skal
flakka um her og der og træla for sine Brørar og verta
upp-ete kor det kjem; og det flyt burt; ogingen veit korder vart
av det.

Og framande Føter skal traakka Graverne aat eit trulaust
Folk, og eit framandt Maal skal døyva Minne um det.

Og Beini deira mörknar i Gløymsle, og der er ingen
som veit kor dei ligg.

Men eit nytt Folk veks fram, som du ikkje kjenner; det
skal gjera min Vilje og høyra mine Ord; og det skal ikkje
bu her eller der, men eiga Jordi, endaa det ikkje eig ho.

Av alle Folk hev eg valt det ut. Disse er dei, som ikkje
krev noko for seg sjølve, men gjev fraa seg alt og soleis vert
Herrar yvi alt. Og dei skal elska Rett og hata Urett.

Og dei skal grønka som Tre ved Bekk, og bera Frukt
til Glede for alle som bur paa Jordi.

Men du, min Tenar Asram, som elska ditt Folk og
døydde i di Sorg, di Sjæl manar eg inn i Syrgjepilen, som heng
yvi Gravene.

Og alle Fløytur som græt i Skogen, og Sevi som susar
i einsame Viker og Votn naar Vinden gjeng ved
Sole-gladsbil, skal kviskra ditt Namn

og di Sorg, at du maatte sjaa ditt Folk døy, og kjenna
dine Upphavsrøter visna.

Arne Garborg.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 22:36:36 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1900/0030.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free