Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Arne Garborg: Profetsorg - II - III
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Profetsorg.
21
Og Profeten seig ned paa Marki, og han var bleik som
Fal og visste kje til seg.
Men daa han vakna, romcle han til Skogs, og han kasta
seg paa Jordi og ropa til Herren og skreik, og hans Ord
var ville og daarlege.
Herre, skunda deg! Slaa meg i hel I Eg vil døy, eg vil
fara til Helheimen, eier det ikkje er Minne lenger.
Herre, høyr mitt Skrik or dei myrke Djuv!
Eg kovnar. Berg tyngjer min Barm; eg er innestengd
millom Murar, ja Gravmurar.
Natt sveiper seg um Augo mine, og der er inga Stjerne
og ingen Dagblik; alle Ljos sloknar paa ein Himmel som
brultar av dine Domar som av Torebrak.
Og alt levande skjelv og søkjer Gøymsle; og eg, din
Tenar, ligg paa Jordi for di Aasyn, og mine Bein visnar i
meg.
For Stundi er komi, di Stund, daa clu tek Hemn, og du
støyter fraa deg dette Folk, og søkkjer Lande i Have.
For jamvel dei rettferdige feil ifraa, og dine eigne
Tena-rar vert ureine; eg sjølv er urein og alt mitt Hus er ureint;
skunda deg Herre! Slaa meg ihel!
Og han laag paa Jordi og var sjuk; og Lemerne hans
rørde seg ikkje.
III.
Daa kom Herrens Ord til Profeten um Notti; og Herren
sagcle: statt upp, Asram.
Og Asram stod upp.
Men Herren sagde: fall ned, Asram, fall ned for Herren.
Og han fall ned paa sine Kne; og han var rædd og skalv,
som av Frost.
Men ban sagde: din Tenar høyrer. Og Herren tala, og
hans Ord var linne som ein linn Sus. Og han sagde:
Høyr, og ver sterk, min Tenar Asram!
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>