- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Toogtyvende aargang. 1911 /
8

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Arne Garborg: Kyrkja og Borgarsamfunde

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KYRKJA OG BORGARSAMFUNDE.
Utestengd fraa det aalmenne Samfundslive stod Kyrkja
lengi.
Ho var eit Grav-Kantor, eit «Begravelsesbyraa».
Live her i Jammerdalen var ikkje Liv; det var berre ei
Prøving. Ei Fyribuing til den store Utløysning, daa det vesle
gudelege Faatale skulde faa sleppe her ifraa og vera med
Kristus.
Vegen til Live gjekk gjenom Gravi. Og Lyklen til Gravi
og hin Heimen, den hadde etter Folketrui Kyrkja. Ved denne
Trui fekk Kyrkja ein mystisk Glans som skapte Undergjevnad
og halvt um halvt Rædsle, trass i den Striden som var
uppe jamt mot Kyrkjemagt og Prestevelde i det verdslege.
Denne Mystiken og denne Rædsla liver enno, ikkje herre
paa Landsbygdi. Og enno er Kyrkja for Aalmenningen fyrst
og fremst Gravkantor.
Sjølve Kyrkjelæra var, og er enno for den store Mengd,
Livsfordøming, svart Pessimisme. Jordlive var ei Liding som
Gud lét oss gjenomgaa, til aa freiste ura han endaa skulde
kunna berge nokre av oss for sitt Rike, ut av den endelause
Mengd som raadlaust giekk hin Vegen.
Ein sæl Daude var det einaste me hadde aa hyggje oss
til. «0, nåar vil du tilstede mig didhen op at træde?» er
det Spursmaale som er oftast uppe i Salmar og Bønir; Dauden
vart Meiningi med Live. Gravi var Utgangen fraa Satansrike
inn til ei Sæle som med ein Gong var fullkomi.
Paa Jordi var alt Daarskap og Draum, eller Djevelskap

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Jan 20 17:26:02 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1911/0016.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free