- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Toogtyvende aargang. 1911 /
9

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Arne Garborg: Kyrkja og Borgarsamfunde

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Kyrkja og Borgarsamfunde.
og Synd. Jordi vart ikkje betre nåar me umvende oss heller ;
daa fyrst fekk me rett sjåa kor gjenom vond ho var. Ikkje
me sjølve heller vart betre; me fekk berre gløggare Syn for
kor gjenom syndige me var. Bibelen kravde nok at me
skulde liva etter Guds Vilje. Men det Krave var berre til
Vekkjing for oss; det skulde lære oss til Gagns aa sjåa, at
me var heilt under Dom og Forbanning, og at for oss fanst
det berre ei Frelseraad: Naaden.
Me sjølve kunde ingin Ting giera; Gud maatte frelse oss.
«som Brandar or Elden». Med Jesu Blod reinska han oss.
for våar Synd, eller dulde ho burt; og ved dette same Blod
tilrekna han oss det gode som Jesus hadde gjort, og det som
han sidan sjølv ved si Aand gjorde i våar Stad; utan nokor
våar Forteneste frelste han oss. Frelste deim som bøygde seg
under hans veldige Hand; det kunde hans uendelege Kjærleik
gjera no, daa Jesus, den andre Person i Guddomen, i våar
Stad hadde lati seg straffe.
All denne Naaden kunde me sjølve ikkje so mykje som
takke fyri; Gud maatte sjølv ved si Aand hjelpe oss aa takke,
liksom han maatte hjelpe os aa giera godt, eller gjera godt i
våar Stad; vaare eigne «gode Gjerningar» vart berre Synd, og.
våar eigin Heilagdom ein «tilsulka Klædebunad».
Ein kann undrast paa, at ei Kyrkje som kalla seg etter
ein Luther kunde sige so heilt ned i Sjukdom og Svartsyn.
Men Luther var lite Teolog; og Kyrkja er Teolog-Verk.
Teolog-Verk fraa den myrkaste Tidi Sogo veit um, endaa
det nettupp daa tok til aa gråane mot Morgon. Det læt seg
soleis forståa, at jamvel Trui vart pessimistisk. Guds fagre
Jord vart til «Verdi», og Verdi var Satans Rike. Der raadde
det vonde heilt. So heilt, at Gud sjølv, um han so ofra sitt
eigi Rlod, ikkje kunde frelse meir enn «den vesle Flokken».
Men til Verdi høyrde det verdslege Samfund ; det vart
daa au noko som den gudelege helst skulde halde seg
ifråa.
Og endaa var det paa ein Maate Gud som «styrde Verdi».
Ja i Røyndi var han Konge yvi Kongar og Herre yvi Herrar
og dermed den øvste Styrar for baade Rike og Borgarsam
fund. Etter Paulus innsette Gud all Riks- og Raadsmagt. Og
nm den styrde aldri so ugudeleg, so gjorde ho det med Guds
Løyve, til Stratt’ for vaare Syndir eller til våar Upptukting.
9

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Jan 20 17:26:02 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1911/0017.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free