- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Toogtyvende aargang. 1911 /
11

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Arne Garborg: Kyrkja og Borgarsamfunde

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Kyrkja og Borgarsamfunde.
Desse Umskiftingane hev havt ikkje so lite aa segja for
Kyrkja med. Um ho ikkje sjølv er komi noko større med i
Samfundslive, so er Prestane Samfundsborgarar som alle
andre, og dertil fraa gamalt Embættsmennar ; dei kjem daa
mykje med i det borgarlege og politiske Arbeide.
Ved alt dette er nye Synsmaatar uppkomne. Det vil
vera faae Teologar no som tek kvart Rikskrav for eit Guds
böd; ja det kann koma Tilfelle daa dei knapt nok bøygjer seg
for ei Lov. Dertil kjem nye Tankar som den frie Gransking
slær fast, og som arbeider seg inn hjaa oss alle anten me vil
eller ei ; soleis den, at alt Liv hev sine Lovir, Meneskjelive
jamvel Aandslovir, Lovir for baade Tanke og Vilje. Og mot
desse Lovine nyttar det ikkje aa møte upp med det store
Orde Synd. Snarare lyt Teologen bøygje seg og vedkjennast,
at me her med hev Gudslovir. Men desse Lovine stemmer
ikkje alltid med det som kann vera vedteki paa det eller det
gamle Kyrkjemøte. Etter ei av deim vil soleis det aa stengje
seg ute fraa det aalmenne Menneskjeliv svært lett føre til
Sjukdom, um det aldri so mykje er giort i Guds Namn; og
etter ei onnor vil for mykje Liding øydeleggje sin Mann
likso vel som for mykje Vel-Livnad ; ikkje all Liding og ikkje
all Vel-Livnad skulde daa vera send fraa Gud. I det heile
kjem det upp eit Krav som fyrr var ukyrkjelegt: me er skyl
dige til aa bruka det Vite me fekk; sjølve er me andsvarlege
for kvart vaart Stig, um me aldri so mykje trur paa ei Guds
styring. Og no som fyrr gjeld det, at me er sette i Livshagen
til aa dyrke og varne den; det er Synd aa «lengte burt» fraa
Liv og Arbeid. Eller: ei Tru som gjer oss livsleide er sjuk.
Og um ei sjuk Tru stundom kann vera Kyrkjetru, Jesu
Namn hev ho aldri Rett til aa bera.
Det er sant: ein kann stundom tykkjast hava Grunn til
aa mistvila um det gode i Verdi. Magti kann sjåa ut til aa
raade aaleine, og til aa vera likso rettlaus som Retten synest
magtlaus. Den Tidi me sjølve liver i er langtifraa ljos. Det
ser ut som Rett og Rettferd er Ord og Bror-Tanken ein
Draum; Neven synest vera det einaste ein kann tru paa.
Men Jesus sjølv steig fram i ei slik Tid; og han var
endaa ikkje modlaus. Han sa: Himilrike er nær; ja han
sa: det er komi; det kjem kvar Dag; i oss sjølve kjem og
liver Gudsrike.
11

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 22:41:17 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1911/0019.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free