Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Arne Garborg: Kyrkja og Borgarsamfunde
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Arne Garborg.
Den som høyrer paa honom vil daa aldri misse Mode,
men arbeide for det gode best han kann. Han veit og
kjenner med seg, at um det kann sjåa aldri so uliklegt ut,
det gode er likevel den sterkaste Magti.
For Kyrkjetenarar ikkje minnst. Hjaa oss hev dei mill.
a. den Servansken som heiter Statskyrkja.
Statskyrkja er: den Kyrkja som er Statsfrue, er gift med
Rike av denne Verdi. Og i borgarlege Spursmaal maa ho
fylgje sin Herre og Husbond.
Ja ho er meir enn gift. Ho er Trælkvinne. Det som
skulde-vera Kristi Kyrkje hev vorti eit Statsdepartement. Eit
Statskantor, jamsides Jnstits-, Finans-, Forsvarsdepartemente.
Og Presten er Statstenar. Statstenar liksom Skrivaren,
Futen, Kapteinen. Yrkje hans er aa forkynne «Statsreligion»
og føre Embættsbøkar; dertil sit han i Møte og Styre og
greier med Herads- og Soknesakir og anna som Staten legg
paa ’n. Av Staten fær han Løni si med. Og paa vanleg
Rikstenar-Vis «avancerar» han fraa Embætte til Embætte;
maa flytja fraa Stad til Stad ettersom Huse hans og dermed
Utgiftine veks; vert soleis sjeldan heime, eller skikkeleg
kjend, i nokon av Kyrkjelydane sine. Sjølve Kyrkja hev i eit
protestantisk Land noko heimlaust ved seg; Kyrkjestatsraaden
skifter med dei skiftande Riksstyri. Og Øvstebispen i Kyrkja
er ein Officer.
Prestar som hev det paa denne Maaten : som vert upp
lærde paa Riksskular til Riksembættsmennar og fær Embætte
som dei etter Eksamensbrev og Tenesteaar kann gjera Krav
paa, anten so Kyrkjelyden vil hava deim eller ei, dei
lærer daa fyrr eller sidan sjølve aa taka sitt Arbeid som eit
Embættsmannsarbeid. Til Slutt ser dei paa det med vanlege
Byraakrat-Augo, um Lag som dei ser paa Yrkje til Bror sin,
Byraasjefen, eller Yrkje til Maagen sin, Skrivaren. Staten og
Statskravi vert det fyrste. Guds Bod, Jesu Krav, med
deim gjeld det aa stelle seg so at dei ikkje kjem i Strid
med Statskravi. Alt er ugreidt, so det maa døyve den
Men her er nok av Vanskar.
12
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>