- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Toogtyvende aargang. 1911 /
13

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Arne Garborg: Kyrkja og Borgarsamfunde

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Kyrkja og Borgarsamfunde.
ærlegaste Arbeidshug; Presten er Embættsmann i den Verdi
som Kyrkja hans forsakar og avsegjer.
Til dette kjem hjaa oss noko serskilt, som hev sin Grunn
i historiske Tilhøve. Me veit kva «Reformasjonen» i Norig
var. Like eins veit me, at Lande i dei siste 3—400 Aar ikkje
hev havt noko som læt seg kalle ei nasjonal Kyrkje. Fraa
fyrsto var Prestane danske og tyskdanske Innvandrarar saman
med norske —me fær vel helst segja Utvandrarar : Folk som
var upplærde og fordanska paa danske Skular og sistpaa i
Danmarks Hovudstad. Etterkvart gjekk det med Prestane
som med dei andre Embættsklassur : det vart ein meir og
meir fast Stokk av Norskdanskar som for kvar Ættled friska
sitt danske Maal og sin danske Hug upp att i Kaupenhamn.
Til dess me fekk vaart vesle Provins-Universitet her uppi
Kristiansby: Universitets Fredericiana; fraa daa av hev Em
bættsfolke vorti meir og meir norske Provinsdanskar. Det
danske Maale deira fekk norskt Tonefall ; dei sjølve fekk meir
Kjennskap til Land og Lands Vilkaar, men vann sjeldan meir
enn ein rein Utanpaa-Kjennskap til Folke. Og daa den gamle
Skipnaden elles heldt seg, so vart dei verande det dei var:
eit Byraakrati med sine eigne Hugmaal og sitt eigi Liv; dei
lærde daa ikkje Folkemaale heller. Og vil me døme deira
Kjenslur for Folke etter deira vanlege Mothug mot Folkemaale,
so lyt me segja, at Fleirtale av deim enno er danske Kolo
nistar.
Soleis kunde det gaa til, at Heformasjonskyrkja i Norig
vart meir framand for Folke enn den gamle katolske, som
iminsto hadde preika paa norskt. Den lutherske Kyrkja i
Norig tenkte aldri paa aa «laane Biblen Folkets Maal» ; og
nåar Tanken um ei norsk Kyrkje i desse Tidir endeleg tek
til aa vakne, so er det Folke sjølv som gjenom sine førande
Mennar ber Krave fram, under Motstand fraa det store
Prestefleirtäl.
Kvar dømer elles paa sin Maate um dette. Men for
mange av dei tilveksande Prest-emne er han flokut nok, den
Knuten som her hev knytt seg. Ei nasjonal Kyrkje er i Norig
enno ei Framtidsvon, likso vel som ei Folkekyrkje; og ei
unasjonal og byraakratisk Kyrkje vil lite kunna giera i dei
Samfundsspursmaali som no kjem upp. Folke kann vera i
mange Maatar nøgde med Prestane sine; men Presten
13

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Jan 20 17:26:02 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1911/0021.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free