- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Toogtyvende aargang. 1911 /
17

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Arne Garborg: Kyrkja og Borgarsamfunde

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

2 Samtiden. 1911.
Kyrkja og Borgarsamfunde.
Lovi skifte Lande millom Folke soleis, at kvar Mann fekk
so mykje som han for seg og sitt Hus turvte; og denne Jordi
var siden Ættegard, og kunde ikkje koma «or Ætti». For um
det kunde hende at Gardmannen, Ættehovdingen, var uhep
pin og kom i Skuld, so han vart drivin fraa Jordi, heilt
kunde han ikkje koma fraa ho: næste Sabbats- eller Jubel
aar fekk han Bruksretten att. Det hev vori ein gamall
Skipnad, dette, som Moselovi hev gjenomført og slegi fast;
det skyn ar me av, at so mange eller vel helst alle
gamle Folk hev havt i Grunndragi same Skipnaden; like eins
ser me det av, at han i Israel heldt seg uppe jamvel um
Moselovi elles var lite vyrd, ja gløymd. Nehemja-Boki, som
gjev Bilæte fraa Tidi etter Heimkomo fraa Babylon, fortel
iim, at Jordi daa eit Bil heldt paa aa glide inn under Rik
mennane; men dei bøygde seg for den gamle Retten, daa den
vart haldin fram for deim (Neh. 5: 1—13). Og av Evangelie
skynar me, at um Rikdomen og Romar-Retten tok til aa faa
Magt, so heldt den gamle Jordskipnaden seg enno i det
heile uppe.
Jesus som Moses krev, at Livsvilkaari skal vera menne
skjelege for alle; det er gudlaust aa lata Brørar lide Naud.
Og som Moselovi galdt for Israel, so skulde Jesu Lov gjelde
for kristne Folk. 1
Det er sant: Jesus priste dei fatige sæle (Lk. 6:.20). Men
med Fatigdom hev han ikkje meint Naud ; han meinte dei
smaae men trygge Jordbrukarkaar, som til alle Tidir best
hev kunna halde Folkehelsa uppe.
Samfundsbrorskapen krev ikkje «like Vilkaar for alle»
meir enn naturleg Brorskap; ved like Vilkaar for alle vilde
alle vantrivast. Det som krevst er, at ingin skal lide Naud,
og at kvart Menneskje fritt og paa beste Maate skal kunna
bruka si Arbeidskraft. Og meir og meir ser fleire og fleire
at ein Skipnad etter den Grunntanken trengst, um Live skal
bli Menneskjeliv.
Ja ein Skipnad etter den Grunntanken trengst, nm Live
skal bli Menneskjeliv for dei rike.
1 I Tidir som vaare høver ho ikkje i si gamle Form. Men ei ny Form
som synest brukeleg er i det siste uppkomi. (Henry George).
17

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Jan 20 17:26:02 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1911/0025.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free