- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Toogtyvende aargang. 1911 /
18

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Arne Garborg: Kyrkja og Borgarsamfunde

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Arne Garborg.
Dei lid med, desse, under den Samfundsuretten dei sjølve
held uppe, endaa dei sjeldan skynar korleis det heng ihop.
Ein og annan Rikmann tek elles til aa faa Tankar um det,
serleg i Land der Pengevelde er fullvaksi, som i Amerika. Der
hev me no Millionherrar som er Sosialdemokratar, liksom
der er Millionherrar som hev teki George-Tanken upp. Det
er nok sant at Armodi lid verst under Pengevelde. Og lid
paa ein Maate som dreg med serskild Magt ned, forvillar,
forraa’ar; det er ikkje for ingin Ting at Fangehusi veks i
denne Tid, veks um Kapp med Skular og Kyrkjur, i Storleik
og i Tal, og held seg fyllte um Kapp med Galnehusi.
Men dei rike lid med. Paa sin Maate.
Di rikare ein Mann vert, di meir vert han utskild or
Menneskjesamfunde. Ikkje berre av di han fær mindre og
mindre av «Likemennar», Kammeratar, Venir; hans eigi Mistru
til Folk stengjer ’n meir og meir inne.
Og kor vandt det er for ein rik aa halde Brorkjensla
uppe han er nøydd til aa døyve ho ned, nåar han skal
kunna bruka Næsten til Rente-aat, Arbeidstrælar, «Kundar» —,
det sagde Jesus eit serleg strengt Ord um, som me veit, og
det um han ikkje hadde set det verste Pengevelde.
Men paa andre Maatar maa Rikingen lide. Åt stor Arv
vert til Livsøyding for deim som skal erve, kor tidt maa
ikkje rike Foreldre sjåa paa det? Sjeldan vert Millionær
Ættir gamle.
Mang ein Sakkæus freistar aa jamne paa sine Rik
mannssyndir med Pengeoffer. Men det er ei Livslov, at med
Pengar aaleine kann ein lite godt gjera. Og sjeldan so mykje
godt som ein med dei same Pengane gjer vondt. Den store
og uhuglegt veksande Naud som er den sjølvgjevne Fylgd av
urimelege Rikdomar paa Einmannshand, den Naudi læt seg
ikkje døyve ved Fatiggaavur; snarare veks ho. Det fær
sjølve det «kristelege Samfund» røyne med sine Fatigkassur,
som alltid krev meir og meir, men aldri vert fulle.
Samnøyte hev her faarefulle Spursmaal aa dragast
med. Og Kyrkja hev lært, at for Fatigmannen klingar det
som Spott, um ho i desse Tidir vil freiste med sin gamle
Trøystegrnnn : Himilsæla, Himilen. Kyrkja vil Inkje kunna
gjera her, fyrr ho lærer aa høyre paa Meistaren ; men kvar
Prest som er komin so langt, og som dertil kann tala i
18

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Jan 20 17:26:02 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1911/0026.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free