Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Arne Garborg: Kyrkja og Borgarsamfunde
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Kyrkja og Borgarsamfunde.
denne Sak so han vert høyrd, han vert ein sann Strids
mann for Guds Rike.
Evangelie hev Tekstar som kann gjera godt Tilføre til
aa halde fram Jesu Samfundskrav; sjølve det Orde til den
rike Ung-guten som Kyrkja no Inkje veit aa gjera med,
det vilde faa god Meining for mang ein Riking, nåar Krave
«gjev ditt Gods til dei fatige» vart tolka med: gjev det til
Arbeid mot Fatigdomen o: Arbeid for Bror-Tanken. (Med
Gaavur til dei fatige skaper ein i ei Kapitalisme-Tid berre fleire
Fatigfolk.) I Arbeide mot Fatigdomen, d. e. mot den Sam
fundsskipnaden som for kvar Millionherre skaper tusund
Sveltarar, kunde mang ein rik Unggut, og mang ein rik
Gamling med, finne noko som var verdt baade hans Pengar
og hans Arbeidskraft. Og Prestar som lærde aa tala i Jesu
Namn, ut ifraa Jesu Tankar, i denne Sak, dei vilde koma til
aa vise oss, at Kyrkja kann hava anna aa gjera enn aa vera
Gravkantor.
Brorskapstanken er, saman med Fadertanken, det Grunn
lag i Jesu Forkynning, som, gjenomført, vil gjeva sin Skapar
Rett til Frelsarnamne um me so tek det i reint menneskjeleg
Meining. Og Teologar som les Evangelie, vil koma til aa
merke seg den Ting, at Jesu Svar paa alle Spursmaal um
Frelse er dette eine : hald Bodi ; gjer mot andre som du vil
at andre skal gjera mot deg; og at den Tanken maa «frelse
Verdi», det skynar visst meir og meir alle.
Lærer Kyrkja ein Gong aa halde seg til den evangeliske
Jesus, so vil ho skyna at ho hør paatala Urett, nm det aldri
so mykje er Magthavarar som er dei skyldige. Jesus feller
strenge Domar yvi Skriftlærde og Farisæingar som med all
Lovdyrking gløymde Hovudsaki ; og ura Kong Herodes brukar
han so sterkt eit Ord som «den Reven» ; sjølve Kruna hev
ikkje kunna gjera Vondt eller Laakt vyrdande i hans Augo.
Og i sitt Rike vil han ikkje vita av Magthavarar. «De
veit,» segjer han til Sveinane, «at dei som styrer Folki held
deim under Herrevelde, og Stormennane brukar Magt yvi
deim ; men so skal det ikkje vera millom dykk ; den som
vil vera stor millom dykk skal vera Tenaren dykkar, og den
som vil vera den fyrste skal vera Trælen dykkar.» Det er
ein djupt menneskjeleg og me kann vel segja ein sant
«moderne» Tanke dette, som Kyrkja baade sjølv kunde
19
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>