Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Halvdan Koht: Prisar og politik i norsk historie
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Halvdan Koht.
og um sylvprisen. Det er bønderne det gaar ut yver; det er
dei som bli utsogne med nye krav, beinvegjes og umvegjes.
Ein kann ta for seg dei einskilde klagene som aar um
anna kom ifraa bygdene, eller dei lange klagelistene som vart
innsende til riksmøta og herredagane, allstad finn ein
same sutemaale: bønderne bli heimsøkte «med overvald over
gamel sedvan» eller skattlagde «over lag ok skei». Ein høyrar
um at prestane kravde større oifer enn fyrr, og at bønderne
ikkje fekk ha den gamle «bondelotten» av tienda; lagmen
nerne auka den tollen dei skulde ha, og futane tok for mykje
til nattehald. Um alle avgiftene galdt det, at embætsmen
nerne brukte «svar og stind vegt» eller tok yvermaal av
varene; dei tok attpaalegg paa pengane, og rekna ikkje full
pris paa varene. Det verste av alt var kanskje den vegen
det gjekk med gardebygsla, at den, soleis som det staar i
eit kongebrev fraa 1556, «hvert Aar efter andet mere og meie
forøges, og Bønderne deraf forarmes og Godset ødelægges».
Fyrr hadde leiglendingane faatt sitte med gardane paa leve
tida og attpaa fritt kunna la dei gaa til enkene sine. No
vilde futane raa’ for bygsla og tok «jordemuter» av bygsle
mannen; dei vilde ha nye bygslepengar tridje-kvart aar, um
bønderne skulde faa ha gardane i fred. Og det som ikkje
embætsmennerne tok, det tok borgarane i byane; dei nytta
handelsretten sin til aa kjøpe billeg av bønderne, men selje
dyrt, og soleis vart bønderne utarma paa alle leider.
Slike klager er det ein høyrer uppatt og uppatt fraa alle
landsens kantar utetter 16de og fyrste helvta av 17de hundrad
aare. Og ein kann tydeleg sjåa det var nedgangstider for bon
den. Livskaara hans vart baade tyngre og utryggare, og han
miste mykje av jorda si til dei store herrane. Han vart minder
og minder vyrd i riksstyringa, og fleire og fleire tyngsler vart
lagde paa han.
Det var ikkje berre i Noreg det giekk denne vegen. Ein
kann sjåa det same i Danmark, i Tyskland, i England,
det var ein europæisk tilgang. Og sjølvsagt maa det være
aalmenne orsaker til slik ei aalmenn framstemne.
Det var eit veldigt økonomisk umskifte som gjekk for seg
yver heile Europa i 16de hundradaare. Det var ein ny kapi
talisme som brøytte seg fram ; handel, verksdrift, og pengar
fekk større og større magt i samfundslive. Naar paa den
238
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>