- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Fireogtyvende aargang. 1913 /
239

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Halvdan Koht: Prisar og politik i norsk historie

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Prisar og politikk i norsk historie.
maaten mykje arbeidskraft vart tatt burt ifraa det gamle
jordbruksarbeide, so var det rimelegt, um prisane paa jord
bruksvarer, næringsvarene, tok til aa stige. Og just her val
det ein annan ting som gjorde dugeleg mun. Det var dei uhor
velege pengemengdene, sylvmengdene, som strøymde inn paa
Europa ifraa Amerika, serskilt fraa 1540-aara, daa dei hadde
funne sylvgruvene i Peru. Pengane vart so billege som dei
aldri fyrr hadde vore; varene vart dyrare. Men prisauken
var ikkje eins for alle vareslag. Det som auka seg minst,
var arbeidslønene; det som auka seg mest, var matprisane,
serleg kornprisane.
Naar ein skal nytte dei pris-upplysningane vi har fraa
gamle dagar til ein statistikk, so kjem ein tidt ut for den
vansken at prisane kann være reint urimeleg misjamne, ikkje
berre fraa aar til aar, men i same aare paa ulike kantar av
same lande. Det ser ein best i so vidt eit land som Frank
rike, med mange tollgrenser mellom bygdene. Ein kann
t. eks. for aare 1550 staa med prisar som skifter fraa 37a til
15 Vs franc for ein hektoliter kveite i fire ulike byar, eller
ein kann i 1523 faa tri pris-uppgifter som gaar ifraa fr. 3,83
til fr. 28,25, eller i 1596 seks pris-uppgifter fraa 14 francs tii
123x/2 franc. Med slike talskifte er det ikkje godt aa sette
upp ein sætande statistikk; det kann aldri bli god vitskapleg
framferd, aa rekne ihop so ulike tal, sjølve grunnlage bli
laust. Eg maa difor vare imot aa ta pris-statistikken for dei
eldste tidene altfor strengt; det er so mange tilfelle som kann
skjeple dei naturlege vilkaara, uaar, krig, og mykje anna.
Best er det sjølvsagt, nåar ein kann halde seg til eit einskilt
landskap eller ein einskild by, og for Frankrike er dette gjort
med Lorraine og Paris, so ein der fær ei kontrol-hjelp.
Eg har sett upp i ti-aarsbolkar jamnads-prisane paa det
vigtigaste brødkorne i dei ulike landa, det bli for England
og Frankrike kveite, for Tyskland og Danmark rug. Eg har
allstad gjort um prisen etter franc for hektoliteren, og ein
franc for ein hektoliter svarar til ei krone for ei tunne, so
ein fær i same tale baade norsk og vesteuropæisk pris. "Fil
lettare yversyn har eg teikna gangen i prisskifte for kvart
land med serskilde strek paa ei tavle. l
1 Dei vigtigaste verka eg har halde meg til, er: Th. Rogers. A Hi
story of Agr i cultur e and Prices in England, 8 band, 186(5 1902;

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 22:42:11 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1913/0247.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free