- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Fireogtyvende aargang. 1913 /
245

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Halvdan Koht: Prisar og politik i norsk historie

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Austlande.
Prisar og politikk i norsk historie.
2,20, og den har daa sidan 1513 stige med berre 17 prosent,
medan handelsprisen paa Austlande har stige med minst 27
prosent, gaar ein ut ifraa prisane i 1528 og 1533 jamvel
med 59 prosent. Endeleg viser Akershus-rekneskapane for
1597 og 1600—1608 ein jamnadspris paa fr. 5,12 for 1 hl.
bygg, soleis ei ny stigning paa 29 prosent. Det var visseleg
eit reint undatak, at kongen hausten 1605 lét selje fjorgamalt
korn fraa Baahus slott for fr. 3,07. Og sjølve skattetaksten
for Bratsberg lén fraa dei næste aara (1609 og 1622) rekna
bygge etter fr. 6,15. I dyrtider som i 1623 kunde korne
kome heilt upp i fr. 9,00.
Fraa 1630-aara har Aschehoug giort upp kornprisane
etter tiendtakstane, og i den prisrekka han so set upp for
17de og 18de hundradaare, bli daa visseleg samhøve rett mellom
dei ulike tidene. Men samanlikninga med den eldre tida
kann ikkje bli heilt paalitande, sidan grunnlage er ulikt, og
det kann visst ikkje være tvil um at tiendtakstane jamt er
for laage imot handelsprisane. I 1637 klaga bønderne i
Trondheims lén, at dei hjaa kjøpmannen i byen maatte be
tale fr. 8,00 for 1 hl. korn, og kongen gav dei daa lov aa ha
tiendkorne sitt etter ein takst av fr. 6,00. Samstundes var, i
1630 og 1633, tiendtakstane i Akershus fr. 5,00 og fr. 4,17.
Naar eg daa her set prisrekka etter Aschehoug fraa 1641—
1800 ihop med dei eldre prisane eg fyrr har nemnt, so maa
eg gjøre eit sterkt skilord um tilhøve mellom desse prisane;
dei gjev ikkje eit fullgodt bilæte av prisauken. Men ein fyre
muii er det at alle prisane er fraa same landslotten, fraa
245
1 hl. bygg. l hl. bygg.
(1518–1522 fr. 2,87) 1701–1710 fr , 5,02
1528, 1533 2,50 1711–1720 6,14
1557–1560 3,97 1721–1730 5,93
1597–1608 5,12 1731–1740 6,32
1641–1650 5,84 1741–1750 6,38
1651–1660 6,78 1751–1760 6,50
1661–1668 6,44 1761–1770 7,12
1673–1680 4,67 1771–1780 7,17
1685–1700 5,39 1781–1790 7,55
1791–1800 8,31

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 22:42:11 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1913/0253.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free