- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Fireogtyvende aargang. 1913 /
246

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Halvdan Koht: Prisar og politik i norsk historie

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Halvdan Kont.
So ufullkomne som upplysningane er, so syner det seg
likevel klaart, at Noreg har fylgt med i det aalmenne euro
pæiske prisskifte. Fraa midten av 16de hundradaare er det
jamn prisstigning heilt ut i 1650-aara. Og ho var so sterk, so
hovel kunde falle folk i augo; i eit regjeringsbrev for Island
fraa aare 1658 er det sagt, at vareprisane paa dei siste fyrti
aara hadde tviauka seg.
Tar ein fyre seg dei listene eg her har sett upp, og rek
nar kornprisen i siste helvta av 15de hundradaare for 100,
so maa ein i 1640-aara i Frankrike sette han til 482 og i
England jamvel til 569; i Sachsen kjem ein berre paa 16de
hundradaare upp til 493. Gaar ein i Danmark ut ifraa prisen i
1530-aara, so stig han paa væl hundrad aar fraa 100 til 647,
og i Noreg fær ein fram til 1650-aara ei stigning fraa 100 til
271 (i røynda visseleg mykje meir). Um ikkje alle varepri
sane auka seg like mykje, so vart daa levemaaten jamt yver
minst 3 eller 4 gonger dyrare fraa fyrstninga av 16de til
midten av 17de hundradaare.
Det var uraad anna, so stort eit prisskifte maatte sette
djupe merke i samfundslive, og eg for meg kjenner meg viss
paa at det er her vi har djupaste orsaka til den samfundskri
gen som fyllte 16de og mykje av 17de hundradaare. Pris-auke
er alltid verst for arbeidsklassene; for dei kann aldri faa
lønene sine til aa auke so fort som vareprisane. Og arbeids
klassa i 16de hundradaare, det var bønderne. Hadde dei aatt
jorda sjølve, hadde dei vore arbeidsherrar, daa kunde
dei ha tatt i minsto mykje av vinningen med prisauken paa
jordbruksvarene. Men dei var for det meste leiglendingar,
dei arbeidde for kapital-herrar, og just for di jordbruke
kunde kaste so godt av seg, la kapitalen seg idigt ut etter
aa slaa jord under seg. Det vart ei tevling beint fram um
jorda, og vi kann fylgje i Noreg koss store godssamlingar
kom i stand fraa 15de til 17de hundradaare. So vart det ein
æveleg strid mellom godsherren og bonden um avgiftene, og
sidan staten so mykje var godsherre, so maatte striden bli
mellom bønderne og stats-embætsmennerne, dei som skulde
leve av bonden. Det vart ein strid um takstane. Bønderne
maatte sjølvsagt stræve etter aa faa gjort um dei gamle av
giftene i pengar etter gamall takst; jordherrar og embætsfolk
maatte krevje avgiftene i varer eller auke takstane, og dei
246

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 22:42:11 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1913/0254.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free