- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Seksogtyvende aargang. 1915 /
553

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Arne Garborg: Skulereformation - I

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Skulereformation.
Uppfostringi, so vert det ikkje betre med den kropslege;
Skulealderen treng mykje meir Luft og Hørsle enn han kann
faa som det no er stelt.
Ungdomen maa hava betre baade Arbeids- og Vokstervil
kaar; det er det fyrste Reformskulen hev tenkt paa. Og meir læt
seg gjera i den Vegen enn ein skulde tru, serleg nåar
Skulen ikkje tarv spara paa Kontoen «Løner og Pensjonar».
Fyrste Krave er: ikkje for store Klassar. Femtan Elevar
i kvar er nok, um Læraren skal kunne bli anna enn Fabrik
meister. Og so gjeld det aa faa Tidi rett nytta. Alt mindre
vigtigt i kvart Fag vert samantrengt, avkorta, stundom stroke ;
aa samle seg um Hovudsaki var alltid god Pædagogik. Lær
naden vert paa beste Maate lempa etter Alder og Utvikling
hjaa Elevarne. Fraa fyrst til sist vert Læremaatar brukte
som eggjer til Sjølvarbeid og held Arbeidshugen frisk; daa
sparar ein dertil den Tidi som elles vert burtsumla med
Pugglesing. Fag som ligg kvarandre nære vert lagde inn
under same Læraren, so langt Raad er; dermed sparer ein
mykje Gjentaking; der er i det heile mykje aa vinne
ved at Fagi fær stydja kvarandre i Staden for aa draga i kvar
si Leid. Tek ein det som her nemnt, so vert der Stunder
til Leik og Kroppsøving med; og daa vert dei tvo Arbeids
slagi kvarandre til Hjelp i Staden for aa liggje kvarandre
i Vegen.
At Leksepugge kjern burt er ei Hovudsak. I Smaaskulen
vert Lærebøker ikkje brukte; her nyttar ein den naturlege
Læremaaten (som elles ikkje vert gløymd sidan heller):
Barne brukar Syn og Sans; freistar seg fram: spør seg fyre,
nåar det stend fast; aa halde Granskehugen frisk og Spyrje
mode uppe hjaa dei smaae er den høgste Lærarkunst. Sei
nare vert Lærebøker brukte til Repetisjon, nåar det trengst;
Foredrag (med Framvisningar av Natursaker, Bilæte, Kort) og
Samtale er den vanlege Læremaaten. Er daa baade Emne
og Læremaate so, at Elevarne heilt ut er med, so vil dei hugse
det dei hev høyrt mykje betre enn um det var pugglært.
Det er den gamle Heimskulemaaten som kjem upp att,
tillempa etter Vilkaari no. Og vil Skulen faa Borni med seg,
so maa han bli heimsleg. Det gjeld for Smaaklasseborni
fyrst og fremst; dei maa «kjenne seg som heime» i Skulen,
um dei skal koma med. Kvinnelærarar (Lærersystrar) vert
553

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 22:43:03 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1915/0561.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free