Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Halvdan Koht: Upphave til Renæssansen
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
UPPHAVE TIL RENÆSSANSEN.
Foredrag på det nordiske historikarmøte i Oslo Bde juli 1920.
Straks ein nemner orde Renæssanse, blir ein ført inn i
store historiske spursmål, ja inn i sjølve grunnspursmåle
for all folkevokster. Granskingane i det veldige tidskifte som
blir kalla Renæssansen, har sett djupe merke i sjølve den
ålmenne historiske tenkninga; syne på Renæssansen har gått
igjenom merkelege svingningar, og kvar einaste side av
menneskeliv og samfundsliv har kome med i dryftinga.
Renæssanse, det vil segje atterføding. Namne går ut ifrå
at det var den gamle tida som steig fram att; det var det
herlege ljose frå gamletida, frå Roma og Hellas, som vart
kveikt på nytt og med dei mektige strålane sine sprengde dei
murane av vankunne og vanmakt som midalderen hadde
stengt folkesjelene innafor. Alt fyre 13de hundraåre gjekk
til endes, hadde Dante lyft rope på «nytt liv», og samstundes
forkynte franciskanske spiritualistar løyndomsfulle spådomar
um det tridje rike, gullalderen som skulde kome att. 1 Det
var ein tanke som voks seg sterk fram-etter dei siste hundra
åra av midalderen, at det skulde kome ei nyføding som i
røynda var ei atterføding for menneska. Difor tyktes det
som ei fullkoming av djupe krav og ynske, då Cola di
Rienzo i 1347 freista reise uppatt det gamle Roma, republi
kansk og keisarleg, heidensk og kristeleg på ein gong. Og
um freistnaden synte seg umogeleg på den måten Cola vilde
sette han i verk, so kunde då endå Machiavelli halvtanna
1 Sfr. stykke mitt «Skapinga, menneskja og det tridje rike> i festskrifte
«Til Gerhard Gran 9. december 1916», s. 86—87.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>