- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Treogtredivte aargang. 1922 /
240

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Halvdan Koht: Upphave til Renæssansen

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Sjå den nemnde avhandlinga av W. Goetz.
Halvdan Koht.
grunnlagt. Denne tanken dukka fram i slutten på 18de hundra
åre, for di folk då tok til å kjenne seg nær i skyld med
Renæssansen ; han vart klårare og klårare fram-i 19de hundra
åre, og han slo igjenom då Jules Michelet i 1855 sende
ut 7de-bande av sin «Histoire de France». 1
Det var det bande som handla um dei franske krigane
i Italia frå 1494—1515, um koss «Italia vart uppdaga», og
Michelet kalla denne tidbolken under eitt for «Renaissance»,
endå det var ikkje stort han skreiv her um kunst og bøker. Han
meinte noko anna med Renæssanse : det var mannen spm
steig fram att. I tri hundra år hadde midalders-historia,
tykte Michelet, vore ei forteljing um koss ytre samfundsmak
ter hadde halde på å binde og trælke mannen; stat og
kyrkje, vitskap og kunst hadde organisert seg i faste former,
berre kollektiv-makter hadde fått rå. No reiste mannen seg
og sprengde banda, tok att den upphavlege fridomen sin.
Det var ei ny tid som kom : individualismen vann siger.
Og dette som hjå Michelet endå helst berre var eit ånd
fullt utsyn, som han ikkje freista stort på å ettervise i det
einskilde, det vart gjort til grunnlag for ei heilt ny histo
risk verdsetning av Jacob Burckhardt i det ypparlege
verke hans «Die Cultur der Renaissance in Italien» (1860).
Her er tanken gjenomført; her er det sjølve emne for historia
å skildre koss den frie personen bryt fram og set stempelen
sin på alle livsens umråde, i statsfilosofi og statskunst, i
dikting og historieskriving, i uppfostring og i umgjenge, i reli
gion og moral, ja i ære-trong, i klæbunad og jamvel i vitsar.
Og hadde dette frambrote endå for Michelet tedd seg som ei
uppattvakning, ei reising for det som berre den seinste mid
alderen hadde kua ned, so var det det nye i tida som var
hovudsaka for Burckhardt.
Aldri fyrr var det bore fram slikt eit einskapssyn på
Renæssansen, og syne fanga all ettertida: all historisk tenk
ning har sidan bygd på denne grunntanken, at det som ser
merker Renæssansen, det er frigjøringa for manneånda.
Den største etterfylgjaren til Burckhardt, Karl L am
pre c ht, fann her grunn-probleme for all menneskehistoria,
og han tok seg fyre i si veldige «Deutsche Geschichte» å
granske formene for det menneskelege åndslive, slikt som
240

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 22:46:16 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1922/0248.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free