- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Syvogtredivte aargang. 1926 /
606

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Halvdan Koht: Til minne um den amerikanske revolusjonen

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Halvdan Kont.
endå det var ille nok med dei tunge fengsels-straffene som
vart gjevne for fri tale imot krigen. Elles og ser vi at fri tale
ikkje alltid eller allstad blir told. Den som vil vedkjenne
seg «anarkistiske» meiningar, fær aldri sleppe inn i lande.
Og ein professor kann godt bli avsett, um han har
meiningar som ikkje blir lika i staten hans.
Men det som kanskje er det mest sermerkte, det er at
sjølve menneskerettane har kome til å bli nytta til våpen
imot fridoms-arbeide.
Mellom dei menneskerettane som vart forkynt i 1776,
stod retten til det dei kalla «streve for lukka» eller som
dei og kunde segje retten til å «vinne og halde eigedom».
Dette krave på trygd for eigedomsretten var vendt imot all
vilkårleg valdsstyring, og det bar i seg eit ynske um at endå
til underklassefolk skulde ha høve til å få seg eigedom. Den
gongen revolusjons-mennene tok til å skipe seg i hop til strid,
og folke samla seg i lag som kalla seg «fridoms-sønene»,
då var stridsrope deira: «Fridom og eigedom!» nett same
rope som samstundes lydde i Europa frå dei som vilde lyfte
dei ufrie bønderne upp i menneske-kår. Det galdt um å vinne
eigedomsrett for dei som ingen eigedom hadde. Og so veit
vi alle koss den kapitalistiske framvoksteren etterpå har gjort
eigedomsretten til ein fyrerett for dei rike og til eit våpen
imot alle eigedoms-krav ifrå dei fatige.
Denne umsnunaden kjenner vi no likso godt i Europa
som i Amerika : eigedomsretten som ein gong var ein mur
brytar for revolusjonen, har no vorte til ei festning for bak
streve. Men få stader har han hjelpt til å skape slike sam
funds-motsetningar som i Amerika, so hard ein strid mellom
pengemakt og arbeid. Og ingen stad har sjølve den gamle
retts-teorien fått slik ei utnytting i striden mot underklasse
reising. Det hende for berre nokre år sidan i staten New
York at ein domstol dømde det var ei grunnlovstridig lov,
den som vilde legge på arbeidsgjevarane ein skyldnad til å
gje skadebot til arbeidarar som kom til skade i tenesta deira.
Domstolen sa at slik ei lov ulovleg tok eigedom ifrå arbeids
gjevarane!
Og ein dom slik som denne er på ingen måte noko einstaka
tilfelle i Amerika. Tvert imot! Ikkje berre eigedomsretten,
606

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 22:48:05 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1926/0614.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free