- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Syvogtredivte aargang. 1926 /
607

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Halvdan Koht: Til minne um den amerikanske revolusjonen

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Til miane um den amerikanske revolusjonen.
men jamvel sjølve fridomen og likskapen har domstolane
greidd å nytte ut til vern for pengemakta. Soleis støytte dei
ein gong um ei lov som vilde forby arbeid i helsefarlege
baksterhus; for, sa dei, slik ei lov var eit inngrep i fridomen
åt arbeidarane til å arbeide kvar dei vilde. Eller dei dømde
at det var grunnlovstridigt å gje ei lov um åtte-times-dag
for gruve-arbeidarar ; for dermed fekk desse arbeidarane eit
«privilegium» som var i strid med likskaps-krave. Eller ei
lov um ti-times-dag for kvinnelege arbeidarar måtte bli um
støytt for di ho krenkte fridomen deira til å ta på seg so
mykje arbeid det skulde vere.
Slikt er juss som har vaska seg! Det sannar det som
eg fyrr har sagt, at jussen etter si natur er konservativ og
tener makta. Og her har jussen slegje klo i dei gamle na
turretts-krava, har gjort dei um ifrå store rettferds-grunnset
ningar til stive lov-forskrifter og teke dei i teneste under
åndlaus lovtrældom. Den domstolen som dømde lova um
skadebot til arbeidarar for grunnlovstridig, sa reint ut at han
kunde ikkje bry seg um kor gilde slike økonomiske, filoso
fiske eller moralske teoriar kunde vere, spursmåle var
berre um dei lét seg forme i lov soleis at dei ikkje krenkte
bokstav eller ånd i dei skrivne grunnlovene. Dermed vart det
ikkje spursmål lenger um naturlege menneskerettar, slike
som revolusjonen hadde forkynt; retten vart til berre juridisk
bokstav-dyrking.
Det som ein gong var revolusjon, har soleis no vorte til
reaksjon. Og det er ikkje det minste underleg iat jamvel
konservative borgarar i Amerika er byrge av revolusjonen
sin. Det er no eit sermerke for konservative folk, at dei
talar med byrgskap um revolusjonar i gamle dagar, dei
revolusjonane som har ført dei sjølve fram til makt. Dei er
mindre uppglødde for revolusjonar i samtida; for det er
revolusjonar som vender seg imot dei sjølve. Og i Amerika
er det no just serleg dei konservative som lovpriser den gamle
revolusjonen; dei revolusjonære i våre dagar talar heller lite
grand vanvyrsleg um han. Det er for di dei revolusjonære
prinsippa frå den tida no har vorte stridsvåpen for dei kon
servative makthavarane. Det har ikkje kunna lukkas å
tyne heilt sjølve det gamle revolusjonære innhalde i dei;
607

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 22:48:05 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1926/0615.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free