- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Otteogtredivte aargang. 1927 /
117

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Halvdan Koht: Rettsgrunnlage for uppgjerda um den dansk-norske statsgjelda 1815—1819

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

RETTSGRUNNLAGE FOR UPPGJERDA UM
DEN DANSK-NORSKE STATSGJELDA
1815—1819’
Traktaten i Kiel den 14de januar 1814 fastsette, at seinast
innan åre var ute, skulde alt det gamle hopehave mellom
Danmark og Noreg vere upp- og avgjort, statsgjelda og arkiva
vere utskift, dei to gamle tvillingrika vere klårt og kvast
skorne frå einannan.
Dei som gjorde upp denne traktaten, drøymde ikkje um
at det skulde gå år etter år berre med å få den fyrste upp
gjerda i stand, og at ovanpå den skulde det fylgje nye
tingingar og nye uppgjerder som likevel endå ikkje kunde
føre fram til endskap på alt hopehave. Mennene i Kiel levde
endå i tankane frå ei gamal tid; dei sette upp ein traktat
mellom to suverænar som rådde fritt for det lande dei let
skilte herre, og då var det lettvint nok å greie uppgjerda
mellom dei. Dei kunde ikkje vite at ei ny makt og eit nytt
rettskrav skulde kaste seg inn imellom dei to traktat-maktene,
sprenge sund heile avtala deira og føre uppgjerda yver på
ny grunn. Det var det norske folke som kom og sjølv
vilde vere med å avgjere lagnaden sin. Og uppgjerda med
den gamle sambands-broren sin vilde det bygge, ikkje på
traktaten mellom kongane, men på den moralske retten som
høyrer eit fritt folk til.
Difor vart uppgjerda mellom Danmark og Noreg so
lang og so samfløkt ei sak. Ja, sanninga er snarast den at
uppgjerda aldri kann ta slutt. Dei to landa har vore so
lenge og so inderleg sambundne so dei aldri heilt kann bli
Foredrag på det norderlendske historikarmøte i Sorø 3dje juli 1926.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Jan 20 17:35:50 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1927/0125.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free