Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Halvdan Koht: Rettsgrunnlage for uppgjerda um den dansk-norske statsgjelda 1815—1819
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Halvdan Koht.
ferdige med einannan. Alltid må historiegranskinga kome
til å dryfte uppatt og uppatt korleis vilkåra og samverknaden
har vore mellom dei to folka politisk, økonomisk, åndeleg.
Og dette er ikkje spursmål berre um gamal historie. Det
som gjer desse spursmåla so viktige, so brennande, det er
nett det at dei fører beint inn i vilkår og vanskar for folke
live i sjølve samtida vår.
1 Kiel-traktaten kunde nok den danske kongen segje
Noreg laust ifrå velde sitt. Men ingen traktat kunde stryke
ut merka etter alle dei hundreåra Noreg hadde legje under
dansk styring. Ingen traktat kunde sette grense og frest for
den uppgjerda som måtte fylgje på samband-sprengninga.
Tvert imot det var ikkje fritt anna enn at Kiel-traktaten
reiste nye spursmål mellom dei to folka. Og i alle slike
uppgjerd-spursmål har det støtt vore to rettssyn som har møtt
fram med kvar sine krav; det har stått um anten uppgjerda
skulde halde seg til dei strenge traktat-forskriftene, eller um
ho skulde bygge på ålmenne moralske og nasjonale umsyn.
Noreg reiste straks i 1814 upprør imot Kiel-traktaten, og
let seg aldri sidan tvinge til å godkjenne han. Eg veit nok
at sume svenske rettslærde i seinare tid sette upp den læra
at det nye sambande mellom Noreg og Sverike hadde retts
grunnlage sitt i Kiel-traktaten. Men dette er berre eit vitne
mål um det som vi elles og kjenner so vel til, at syne
på historiske rettsvilkår lett kan skifte etter krav og ynske
mål i samtida. For det er eit faktum som ligg tydeleg nok
fyre, at dei svenske statsmaktene straks i 1814 og den næraste
tida etterpå vedkjende seg at Kiel-traktaten ikkj e var gjenom
førd. Den gongen hadde no Sverike bruk for slikt eit syn
på tilhøve sitt til Noreg; for då galdt det um å fri seg ifrå
dei skyldnadene Kiel-traktaten hadde lagt på det imot Dan
mark, det måtte sjå til å halde seg utanfor uppgjerda
um den dansk-norske statsgjelda.
Heile tida, både den gongen striden stod på ura sjølve
denne uppgjerda, og sidan når historie- og folkerettsgranskarar
har havt ho fyre seg til dryfting, har det vore usemje um
anten uppgjerda bygde på Kiel-traktaten eller ikkje. Ein av
grunnane til at mange nordmenner gjorde so hardt eit mot
stand imot den uppgjerds-avtala som kom i stand i 1819,
var just at dei ottas Noreg dermed skulde kome til å god-
118
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>