- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Otteogtredivte aargang. 1927 /
125

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Halvdan Koht: Rettsgrunnlage for uppgjerda um den dansk-norske statsgjelda 1815—1819

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

1 Aktstykke, s. 87—88.
2 F}’rr uprenta.
Uppgjerda um den dansk-norske statsgjelda 1815—1819.
Ho hadde ikkje større lukke med seg i andre spursmål
heller som galdt same rettsstriden.
I Kiel-traktaten var det fyreskrive, at når den svenske
kongen vart norsk konge, skulde han ta på seg ein part
av den danske statsgjelda etter tilhøve mellom folketal og
næringskjelder i Noreg og Danmark. Dei danske forhand
larane kom difor straks med ei rekning på den danske gjelda,
og vilde so dryfte kor stor ein part det rimeleg skulde falle
på Noreg. Men dei norske forhandlarane meinte, at i slik
ei uppgjerd kunde det ikkje berre bli tala um gjelds-postane,
um passiva, Noreg måtte krevje godtgjersle for alle dei
aktiva som Danmark vart sittande med frå samstyre-tida 1.
Det var eit stort praktisk spursmål som soleis vart reist.
Men det var eit rettsspursmål og. Det var denne sida som
den danske regjeringa skuva fram i vedtake sitt frå Ilte
august 1815. I fyrelegge for kongen 2 la ho hovudvekta på
at «Tractater maae forklares slrictissime». Og: «Kieler
Tractaten taler ikkuns om Statsgjelden og bestemmer med
tydelige Ord, at Hans Majestæt Kongen af Sverrig af samme
skal overtage en forholdsmæssig Deel .... Om Stats-Activerne
er i Tractaterne intet sagt, og følgelig kan, saalænge denne
lægges til Rasis for Underhandlingerne, ingen Spørsmaal være
om Activerne. Indlader man sig paa disses Reregning under
Opgjørelsen af Statsgjelden, saa fraviger man de facto den
for Underhandlingen bestemte Rasis, nemlig: den i Kiel af
sluttede Fredstractat.»
Regjeringa våga seg fram med ei juridisk tolking av eit
noko tvilsamt slag, då ho til grunngjeving for påstande sitt
sette upp denne læra: «I juridisk Forstand forstaaes vistnok
under Gjeld ikkuns det, en Mand skylder mere, end han
eier eller har Valuta for. Men denne Forklaring af Udtrykket
Gjeld passer ikkuns paa Contracter, der beroe paa og skal
forklares efter de borgerlige Love. En Tractat, sluttet imellem
tvende Regjeringer, kræver en aldeles forskjellig Fortolk
ning.»
Slikt vil ein kanskje helst kalle ordkløyving. Det som
ligg bak, er likevel dette at dei danske statsmaktene freista
125

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 22:48:31 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1927/0133.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free