Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Halvdan Koht: Rettsgrunnlage for uppgjerda um den dansk-norske statsgjelda 1815—1819
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Uprenta.
Halvdan Koht.
sette den nakne ordlyden i traktaten upp imot det ålmenne
retts-prinsippe som nordmennene vilde fylgje.
Det syner seg elles klårt at den danske regjeringa sjølv
kjende med seg at ho her stod på veik grunn. I det fyre
legge som kongen samtykte den Ilte august, sa ho seg like
vel viljug til å tøygje noko på den strenge tolkinga si: ho
vilde berre halde undan slike aktiva som høyrde til sjølve
statskassa; men for serskilde stats-institusjonar som kom
med i uppgjerda, skulde gjelda bli rekna ut med frådrag for
pengekrava deira. Og dei sterke orda um at ei ettergjeving
for det norske krave var jamgodt med å gje upp heile det
danske rettsgrunnlage, kjem i eit noko underleg ljos når ein
les i same fyrelegge: «Vi maae derfor være af den allerunder
danigste Formening, at de Kongelige danske Commissarier
ikke, uden den største Nødvendighed byder det, og først efter
igjentagne Discussioner samt nærmere gjort Forestilling, bør
indlade sig paa de Kongelige Activers Beregning til Fordeel
for den svenske Regjering ved Overtagelsen af en Deel af
Statsgjelden.»
Sanninga er at den danske regjeringa alt på fyrehand
var budd på å bøygje undan i dette stykke og. Straks i den
aller fyrste utgreiinga um uppgjerd-spursmåle som var sett
upp i det danske utanriksdepartemente, so tidleg som 15de
mars 1815, var det tenkt på det tilfelle at nordmennene vilde
krevje gjelda uppgjord på den måten, og det var sagt at
dette berre svara med «Billighed» 1. Når regjeringa likevel
valde eit anna standpunkt, so var det visseleg mykje for di
ho dermed kunde få noko å slå av på, og det kjem fram i
sjølve den fyrste instruksen for dei danske forhandlarane,
der det er sagt med tanke på det norske krave som var
ventande : «Herimod kunde det argumenteres fra Kieler Trak
taten, som alleene taler om Gjelds o: Passivers, men ikke om
Tilgodehavenders o: Aktivers Deeling; og de i Øyne faldende
store Fordeele, som Sverrig ved denne Traktat har erholdt,
kunde vel paaberaabes som rimelig Grund til, at blot Pas
siver og ikke Aktiver med Hensyn til Deeling ere der nævnte ;
men skulde imidlertid Paastanden vedblive, da bemyn
diges de Danske Kommissarier til, at indlade
sig i at tilstaa det Forlangte.»
126
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>