Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Halvdan Koht: Rettsgrunnlage for uppgjerda um den dansk-norske statsgjelda 1815—1819
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
8 S. 113.
4 S. 136 f.
5 Serleg s. 138, men sjii dessutan s. 136 og 142.
Uppgjerda um den dansk-norske statsgjelda 1815—1819.
protokollen vart dei norske utsendingane fylgjestrengt kalla
«de svensk-norske Commissarier» 1.
Dei nordmennene som kom og skulde forhandle, kunde
finne seg i å bli kalla soleis, og dei bruka sjølv lenge dette
ordlage; for dei var då umbodsmenner for kongen av Sverike
og Noreg, annan titel hadde ikkje herren deira.
Men då striden kvesste seg til, då stormaktene gjekk
på og vilde tvinge kongen av Sverike til å uppfylle pliktene
sine frå Kiel-traktaten, då vart det meir turvande å skilje
klårt mellom Noreg og Sverike. Då frå nyare 1819 tok
den norske utsendingen til å kalle seg meir nøytralt «Kongen
av Sverrig og Norges Commissair» 2. Han greidde ut at mi
nisteren i Kjøpenhamn var umbodsmannen for denne kongen
i alt som var sams for dei to rika; men han sjølv var berre
«Hans Majestæts specielle Commissair for Opgiørelsen imel
lem Norge og Danmark»3. Ja, til slutt kalla han seg ende
fram berre «den norske Commissair» 4 og han gav seg jamvel
til å tale um «Hans Majestæt Kongen af Norge» 5. Klårare
kunde det ikkje kome fram korleis her stod to ulike retts
tankar imot einannan.
Heile denne rettsstriden hadde sjølvsagt seinka forhand
lingane og mange gonger ført bittre ting inn i dei. Men det
er just det som eg her vil legge vekt på, al dei hadde
likevel kunna gå sin gang. Når Danmark tykte det gjekk
for seint, so pukka det på Kiel traktaten. Og stendigt fekk
det so til svar, at Kiel-traktaten hadde i røynda ikkje vorte
gjenomførd. Men båe partane var samde um at ei gjelds
uppgjerd måtte til. Det som for alvor låg på tverke for upp
gjerda, det var dei reelle økonomiske motsetningane, og
difor drog det ut i meir enn fire år fyrr semja vart fram
tvinga.
Etter den avtala som endeleg kom i stand i 1819, fekk
ikkje Danmark meir enn 3 mill. species hos Noreg, umfram
at Noreg tok på seg ei bankgjeld som vart sett til 1 mill. sp.,
tilsaman soleis 4 millionar.
1 Aktstykke, s. 85 f.
2 S. 98 f.
131
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>