- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Otteogtredivte aargang. 1927 /
133

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Halvdan Koht: Rettsgrunnlage for uppgjerda um den dansk-norske statsgjelda 1815—1819

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Uprenta depesje frå 20de juli 1819.
2 Uprenta depesje frå 13de august.
Uppgjerda um den dausk-norske statsgjelda 1815—1819.
Det har endå ikkje vore gjort slike ettergranskingar um det
økonomiske tilhøve mellom Danmark og Noreg i sambands
tida, so vi kann ha noka pålitande meining um spursmåle.
Det vilde vere sers nyttigt å få det utgranska. Det visse
er at i 1819 var ingen av partane nøgd, og aller minst
Noreg.
Då den stunda kom at den endelege uppgjerd-summen
var fastslegen og forliks-avtala skulde bli sett upp, då dukka
på nytt upp spursmåle um rettsgrunnlage. Det var stor
maktene, og serleg England, som hadde drive fram forlike,
og spursmåle vart til slutt gjort upp som ei storpolitisk sak.
Avtala vart forma ut i samråd mellom den svenske utanriks
ministeren og den danske og den engelske ministeren i Stock
holm. Men dei kunde ikkje sleppe ifrå at til aller sist måtte
ein norsk fullmektig vere med, det var den same som
hadde vore forhandlar i Kjøpenhamn det siste åre, stats
sekretær P. Chr. Holst.
Då den danske ministeren i Stockholm venta på full
makta si for å gjere i stand avtala, skreiv han til utanriks
ministeren sin og bad um at han måtte få strengt formeleg
pålegg um å krevje at avtala skulde bli gjord i namne til
«kongen av Sverike og Noreg», det heldt han for ei sers
viktig sak 1. Han vart harm då han høyrde at den norske
umbodsmann skulde få fullmakta si frå kongen «i eigenskap
av konge av Noreg» 2. Det heitte då ög i den kgl. fullmakta
for Holst at prinsregenten av Storbritannia hadde gått med på
å vere midlar i forhandlinga um ei avtale som skulde bli
uPPgJ ord i Stockholm «mellom Oss, i eigenskapen vår av
konge av Noreg, og H. M. Kongen av Danmark». Då denne
fullmakta vart framlagd i det fyrste offisielle forhandlings
møte, då gjorde den britiske ministeren den merknaden at
riksherren hans ikkje hadde samtykt i noko slikt, det var
mellom kongen av Sverike og Noreg og kongen av Danmark
han vilde midle 3. Ingen gjorde noko innkast imot dette.
Men det fekk i røynda ingen ting å segje. For då den norske
umbodsmannen, med stønad av den svenske utanriksmini
steren (i denne stunda Wetterstedt) kravde å få desse orda,
8 Uprenta depesje frå den danske ministeren frå 24de august 1819.
133

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 22:48:31 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1927/0141.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free