- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Otteogtredivte aargang. 1927 /
134

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Halvdan Koht: Rettsgrunnlage for uppgjerda um den dansk-norske statsgjelda 1815—1819

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

3 Uprenta depesje frå 2dre sept. 1819.
Halvdan Koht.
«i eigenskap av konge av Noreg», inn i avtala, då var det
uråd å sette seg imot det; det var ikkje anna enn ordlage
ifrå sjølve Kiel-traktaten.
Mykje vandare var det å greie spursmåle um korleis
den nye avtala elles skulde stelle seg til Kiel-traktaten. I det
upphavlege dansk-engelske uppsete var det sagt i innleidings
orda at partane hadde vorte «samde um å forlike seg ende
leg um alt som endå er att å gjere upp i kraft av fen vertu
du) Kiel-traktaten» 1. Dette kunde no den norske forhand
laren ikkje gå med på. Men han hadde den vansken, sidan
han var umbodsmann ikkje berre for Noreg, men attåt for
kong Carl Johan, at han ikkje beint fram kunde fornekte
Kiel-traktaten heller. Det norske standpunkte —og det som
for resten Carl Johan og svenskane helst vilde teke, dei og
det var det som var forma ut i fullmakta for Holst: at
semja vart gjord «i samsvar med dei prinsippa som er
sett upp i Kiel-traktaten art. 6, og med § 93 i den norske
grunnlova». Men so langt vilde korkje England eller Dan
mark tøygje seg 2. I samråd med den svenske utanriks
ministeren, greiv Wetterstedt, baud då Holst eit kompromiss :
formelen skulde lyde «som ei ettenfylgd av traktaten» fen
conséquence du traité). Det vil segje: ingen av partane fekk
fram nett det han ynskte; Kiel-traktaten vart korkje formeleg
godkjend eller beint fram sett til sides, han vart berre
nemnd som eit historisk faktum.
Den danske ministeren måtte då melde heim, at den
nye avtala hadde ikkje fått det rettsgrunnlage han hadde
ynskt 3. Han freista jamvel no etterpå få det til at det var i
grunnen nyttigt at avtala sa so mykje um at Noreg skulde
betale, og at saka skulde fram for Stortinge etter den norske
grunnlova. ’Han trøysta seg med at «um det no likevel skulde
syne seg motstand i Noreg, eller det skulde bli utenkte
vanskar med betalings-skipnaden, so kann endå aldri kongen
av Sverike og Noreg fri seg med det, kor mykje han so har
1 Det norske geografiske selskaps aarbok XXXI—XXXII, s. 158.
2 Det gjev ei noko rang meining når C. Brinchmann i den geografiske
årboka, s. 157, segjer at dette kom inn i «konventionens indledningsord> ; det
er berre i den norske kunngjeringa um avtala at det vart innteke, og der
hjelpte det då til å dekke yver det kompromisse som var gjort.
134

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 22:48:31 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1927/0142.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free