- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Otteogtredivte aargang. 1927 /
277

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Lars Eskeland: Katolicisme og moderne menneske - IV

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KATOLICISME OG MODERNE MENNESKE
Det såg ei tid ut til at materialismen skulde vinna herre
dømet i tenkjingi, og naturalismen i kunsten. Ogingen
kann klaga på at me ikkje fylgde med tidi her i Norderlandi.
Men me fylgde ogso med då upproret kom, frå Frankrike.
August Strindberg ropte som frå eit logande Inferno
etter Gud. Ikkje i minste måte dulde han for at han var den
burtkomne sonen, som måtte heim til Faderen, kva det so
skulde kosta. Og han drøymde seg heime i eit kloster, i den
stille freden framfor altaret med den evige lampen og den
evige tilbedingi. Han kalla Divina Comedia «den allra
kristligaste dikt, som Dante skrev två hundra år före reforma
tionen eller kyrkosöndringen, som den hällre bör kallas», og
han, som var ein av dei mest ærehungrande menn i Norder
landi, småminka seg i lidingi, som han skyna var eit tukte
ris i ei kjærleg farshand, og sa um seg sjølv at han skulde
vera «ett exempel att tjena andre till bättring, ett föremål for
allmänt åtlöje, för att visa intigheten i äran och ryktbarheten,
för att upplysa ungdomen om det sätt hvarpå man icke bör
leva sitt liv.» Mannalivet var uendeleg løyndomsfullt både i
upphäv og framvokster, men det moderne kulturideal med all
si njotings-lokking, var ei fortærande lygn. Kvar var hjelpi?
Ikkje i den vanlege protestantiske preiking og kritikk-pusling.
So song han ein høgsong til Swedenborg, landsmannen sin,
den store mystikaren.
Arne Garborg kjende noko av den same livshungeren
som Strindberg. Slik brand i hugen som han hadde han
19 Samtiden. 1927.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 22:48:31 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1927/0285.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free