Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Lars Eskeland: Katolicisme og moderne menneske - IV
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Lars Eskeland.
ikkje, men same breide vengjefanget og same modet til å stiga
til vers imot vinden og sjå fram imot ei ny solarkoma. Han
gjer upp med seg sjølv og tidi si og lær ut heile den euro
peiske bokvisdomen i «Trætte Mænd», han syng ut eit Sur
sum corda i «Haugtussa» og «I Helheimen», men heftest
ei tid med noko so ringt og ureinsleg som spiritismen. Heller
snart skyna han då at all denne åndemaningi berre var ei
onnor form for materialismen, som han meintest vera ferdig
med. So kom han til «troen på livet» ; men denne trui førde
han ikkje til livsens herre. Jesus vart berre profeten frå
Nasaret for han, og dei beste arvtakarane etter Nasarearen i
vår tid var Leo Tolstoy, profeten frå Russland, og Henry
George, profeten frå Amerika. Garborg brukar ofte ord og
vendingar frå katolicismen, men samfundstrongi hans dreiv
han ikkje inn i Kyrkja, men ut til arbeid for eit betre borgar
samfund. Han brøytte tonen frå Sursum corda til Pax in terra.
I Danmark skilde Johannes Jørgensen lag med sin herre
og meister Georg Brandes og dei åndelege sønene hans, fordi
Kristus stråla fram for han ein god dag med frigjering og fred.
Og han kasta seg ut i den store livsstraumen som brusar og
fløymer i den katolske kyrkja frå fyrste morgonstundi for
kristendomen til siste soleglad. Han såg den mystiske sam
eining millom Kristus og Kyrkja, og såg undrande ut yver
den umåtelege skaren av martyrar og heilagmenne frå alle
folk og tider. Han visste då ikkje noko betre enn å gjeva
seg til å skriva um sume av deim, og vona vel at han kunde
gjera ein grand til å opna augo hjå ein og annan i Norder
landi for det fagraste og rikaste samfund på jordi. Sankt
Knut, Sankta Birgitta og Sankt Olav er då ikkie reint gløymde.
Og ein dag kann minni vakna med ny makt.
Ingen tok elles Johannes Jørgensen som teikn på ein
større framgang for Moderkyrkja i Danmark eller Norder
landi. Og mange meinte at det var venleiken i den katolske
gudstenesta som hadde drege han den vegen. Kunstnaren
var bergteken av kunsten. Det kunde vera verdt å tenkja
yver kvifor kunsten serleg eig heime i den katolske kyrkja.
Men det kann ein ikkje heftast med her. I staden vender
me oss frå diktaren til tenkjaren.
I Noreg hev me havt berre ein mann som hev vunne
seg eit europeisk namn med teologisk tenkjing: Dr. Krogh-
278
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>