- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Otteogtredivte aargang. 1927 /
279

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Lars Eskeland: Katolicisme og moderne menneske - IV - V

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Katolicisme og moderne menneske.
Tonning. Han stridde og arbeidde med kyrkjespursmålet ein
mannsalder. I lengste laget vona han at han kunde gjera
det klårt både for seg sjølv og andre, at lutherdomen og vår
statskyrkja var ei grein av den heilage katolske kyrkja som
apostel-sym bolet nemner. I 33 år hadde han vore ein trugen
tenar i statskyrkja, so det fall ikkje lett å segja henne farvel
på nokon måte. Men han måtte gjera det, for di det vart
klårt for han, at ho ikkje høyrde med til den katolske kyrkja,
men hadde skilt seg ut or den store organiske samanhengen
på ein ulækjeleg måte. So vart han katolikk, for 27 år sidan.
Det som avgjorde saki for Krogh-Tonning var ein tanke
som høyrer med til grunnsynet for moderne menneske: alt
liv strøymer fram or anna liv i organisk samanheng. Ingen
i all verdi hev sagt dette so sterkt um guddoms-livet i men
neskja som Kristus, og etter han heile den katolske kyrkja i
alle tider. Det namn som han oftast brukar um seg sjølv er
Menneskjesonen. Eit merkeleg namn! Han var men
neske, son til Maria. Men ho var ikkje mor på vanleg vis:
ho var møy. Og ho var blomen av manna-ætti, den under
fulle rosa millom liljone. Mennes kjesonen vart ho mor
til. Einboren er han frå æva, einboren i tidi. «Ordet frå
upphavet vart kjøt og feste bu hjå oss», den andre Adam,
hovudet for den nye ætti. I dåpssakramentet kjem me i livs
sameining med han, og dei andre sakramenti styrkjer det nye
livet og reinsar sjeli. Me vert kvister på vintreet som han
sjølv er, lemer på lekamen hans.
Det er dette inderlege livssamfund som heiter Kristi kyrkja.
Ho heiter ogso Kristi brud. Og for den einskilde vert ho då
den gode Moder, som føder oss til Guds born. Alt her er
sakramentalt, alt er mystisk, men fullt verkeleg. Og i vår
tid skynar me det betre enn noko sinn fyrr, at ein ting kann
vera fullt verkeleg, um me ikkje i minste måte kann nå han
med vit og tanke. All ærleg vitskap bøygjer seg meir og
meir i sann smålåtenskap og segjer med Newton: «Eg er som
ein smågut som leikar i strandi og finn ein rundslipt liten
stein eller ei skjel; men sjølve sanningshavet ligg ovstort og
279

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 22:48:31 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1927/0287.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free