Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Lars Eskeland: Katolicisme og moderne menneske - V
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Um «fädernes kyrka» syng biskop Eklund:
Katolicisme og moderne menneske.
sanningi som menneskja treng på vegen frå myrker og daude
til ljos og liv, eller på vegen heim til Faderen. Kristus seg jer:
«Eg er vegen, sanningi og livet.» Og han gjer Kyrkja til eitt
med seg, og sanningi til livs-lovi for henne: «Eg skal beda
Faderen, so gjev han dykk ein annan talsmann, som skal
vera hjå dykk i all æva, Sannings-Anden» (Joh. 14). Gjenom
heile dette vinlreet, frå rot til topp, er sanningi den sevja som
gjev liv og let og vokster. Dette vil ikkje segja det same
som at treet er friskt heilt igjenom. Nei, det kann ha vonde
og djupe sår, og knuppar og blad og greiner kann visna. Det
er som med asken Yggdrasil: røtene var ovsterke, kruna
breidde seg utyver all jordi og lyfte seg uppunder dei høgste
himlar, og ljosflaumen frå Bredablik og Balder glitra og blenkte
i lauvet. Men treet leid meir vondl enn nokon mann visste.
Drakar og ormar beit i røtene med sine forgiftige tenner, og
hjortar og andre dyr gnog og beit i bork og knupp. Treet
fekk sår og skade, so nornone måtte lækja det med vatn frå
Urdarbrunnen. Men stå skulde asken til ragnarok og heim
sens ende.
«Vida hon famnar från strand till strand,
fast är hon grundad av Herrens hand.»
Um so me menneske, som ho byggjer seg upp av, fører aldri
so mykje sjukdom inn i henne, so kann ho ikkje ein einaste
augneblink koma i motsetning til sin eigen idé og falla utfor
grunnvollen sin, det sanningsberget som ber henne. For i
same stundi det hende, vilde Helheims-maktene ha vunne
yver henne, og kristendomen vilde vore utslokna i verdi, tvert
imot dei klåraste ord og lovnader frå Kristus.
Men då er det ei grunnsetning, eit dogme, som gjev seg
rett og slett av seg sjølv, at Kyrkja ikkje kann føra villt; ho
må bera dei rette frelsesanningane fram for alle folk og alle
tider. Stødt og stendigt må ho vera byen på berget som lyser
i myrkret med same guddomelege ljoset. Menneskeleg synd
og vondskap kann vera som dimma for dette ljoset, som skyer
for soli. Men slokna kann ljoset ikkje. Frelserådene kann
ikkje koma burt eller vrengjast um, trui må vera ei og den
same, læra übrigdeleg. Dette er like usvikeleg som at soli på
281
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>