Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Lars Eskeland: Katolicisme og moderne menneske - V
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Lars Eskeland.
himmelen ikkje er noko anna i morgon enn i dag, so me
lyt få ei ny sol, eller fleire nye. Den gamle er æveleg ung,
og hev nok ljos og varme, når me berre tek imot på rette
måten.
Men då må ingen undra seg yver at Kyrkja hev eit klårt
og levande medvit um seg sjølv. Er ho Kristi mystiske lekam
og Herren hovudet til denne lekamen, so må denne vissa,
denne sanningi vera ein lut av livet hennar og gå som ein
ljosstraum igjenom henne.
Ho skal ikkje finna ut nye sanningar; ho er ikkje ute
på uppdagingsferd. Ho skal lysa med det ljoset som Herren
hev gjeve henne. Og ho kann ikkje sleppa dette ljoset or
sine heilage hender og stupa ut i myrkret. Ho kann ikkje
velja å tena lygni i staden for sanningi. Ein ting so forfær
deleg lét seg ikkje tenkja. Det vilde vera ei hending som
var uendeleg langt større og fælslegare enn um firmamentet
brast sunder.
For «ho er Kyrkja åt den levande Gud, pilaren og grunn
vollen for sanningi» (I Tim. 3). Når ho veit dette um seg
sjølv, so veit ho samstundes at ho hev ein heil og fullko
men autoritet i alt som kjem frelsesanning og gudsliv ved
her i verdi. Å nekta denne autoriteten er å nekta det gud
gjevne tilværet hennar, det er å reisa seg imot han som er
hovudet hennar. For er Kristus hovudet for Kyrkja og er
ho pilaren og grunnvollen for sanningi, so er hennar autori
tet hans autoritet.
For den katolske kyrkja er difor dogmet um at ho ikkje
kann taka i miss og læra gale, likso usvikeleg som at ho sjølv
er til. Autoriteten lever i eit udøyeleg apostolat. Då Herren
sende ut apostlane, lova han å vera med deim til verdsens
ende: «Som Faderen hev sendt meg, so sender eg dykk»
(Joh. 20), og: «Den som høyrer på dykk, høyrer på meg, og
den som vandar dykk, vandar meg» (Luk. 10).
Til hovding og førar i apostelflokken sette Herren Peter.
På han skulde Kyrkja byggjast, han skulde vera hyrdingen
for sauene og lambi. Forunderlege ord! Men han som sa
dei, visste kva han gjorde. Og like fullt som han vilde vera
med dei andre apostlane til verdsens ende, like fullt vilde
han vera med Peter. Embetet hans skal vara ved alltid.
Berget som Kyrkja er bygt på, kann ikkje vera burte ein
282
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>