Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Hulda Garborg: Krishnamurti
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
KRISHNAMURTI
«Lat ditt ynskje bli verdi sitt ynskje,
din kjærleik bli kjærleik til verdi.
Ta verdi inn i din tanke og ditt sinn;
lat dine gjerningar syne ditt ævlege upphäv»
(Krishnamurti i tidskriftet « Nyorientering»s
jolenummer 1929.)
Verdi vert for kvar dag mindre. Åndeleg og materielt sam
band millom alle raser og folkeslag på jordi er ikkje
lenger ein draum av «fredsfår» og upraktiske idealistar; det er
på veg til å bli røyndom.
Norig? Eit lite land, men eit folk som fylgjer med. Eit
folk som no ikkje eig analfabetar. Men for ein mannsalder
sidan var det lenger frå Dovre til Oslo, enn det no er frå
øvst i dalane og til Rom. Og me veit no meir um Asia og
Afrika enn by-folke på Wergelands tid visste um bondens liv
og kultur i våre eigne fjelldalar.
Men å vita vekkjer trong til å skyna. Til å fange inn
altid meir kunnskap um den verdi me er ein liten del av.
Kunnskap som skal bli til nye tonar i vårt tanke- og kjensle
liv og ikkje berre til støv og turr lekse-lærdom.
Allermest ukunnuge og uskynsame hev me vore mot
andre raser og folk, når me kom inn på det religiøse. Ingen
stridar hev vore meir vonlaust hatefulle og bitre enn reli
gionsstridane. Dei som ikkje høyrde med til vår eigi kyrkje
eller lære var heidningar og dømde til ævleg fortjoning. Det
kristne Europa sende missionærar til India, Japan, Kina o. s. b.;
men buddhistane hev sett igang eit stort missionsarbeid for
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>