- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Enogfirtiende årgang. 1930 /
443

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Hulda Garborg: Krishnamurti

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Krishnamurti.
å rydje ut det «kristne barbari». Eit buddhistisk missions
forlag fann eg i Leipzig alt for 25 år sidan, og det fysste
skrifte eg fekk derifrå var «Das ’christliche’ Barbarentum in
Europa» av ein Lama.
Det er eit «Upprop til alle sanne disciplar av den upp
høgde Buddha um å føre dei i djupaste vankunna nedsøkte
Vestens barbarar og heidningar inn på vegen til utløysning.»
Og den upphøgde Lama tek til soleis: «Elskte brødrar!
Med det indre auga, det upplatne, guddomlege, ser han
yvi den rullande jordkula, og hjarta hans er fyllt med mei
starens medkjensle. For burtanum Himalayas snøtekte tindar,
der kveldsoli synest gå ned i havet ser han landet til heid
ningane, Europa kalla, i myrkre og vankunna skapt av eit
verds-syn bygd på villfaring. Han ser dette landet, fyllt äv
millionar menneske-liknande skapningar som gjev seg burt
til allslag fantasiar og rang-syn, trur å vita mykje, men
kjenner ikkje sitt eige vesen eller mål eller meining med sitt
liv,» o. s. v.
«Barbarane» sitt religionssystem er utsprunge av buddhis
men, og dei hev teke mykje av kyrkjeskikkane sine frå
buddhistiske ritual, men anden er burte. Dei eig ikkje ny
kylen til forståing av løyndomane i sjølve religionen. Dei er
avgudsdyrkarar, segjer den upphøgde Lama.
I andre bøker um «Die Greuel der christlichen Civilisa
tion > fær me høyre koss asiatane ser på den europæiske mo
ralen, på slaktehusi, viviseksjonen og anna dyrepining i
kristne land.
Ein lærer å sjå med litt andre augo på desse som m e
kallar heidningar ved å setje seg inn i deira tankegang og
religiøse idear og dømer dei ikkje meir so lett til eit ævlegt
helvite.
Ikkje at dei, meir enn me, eig «Sanningi», men at ogso
dei eig noko av sanningi. Og då eg langt um lenge nådde
inn til det som vel er kjerna i buddhismen, Buddhas talor i
Benares, kjende eg med undring att mange av mine eigne
tankar og kjenslor. Mitt eige «fritenkeri», eller min eigen
natur-religion i poetiske austerlandske bilæte.
Ein fritenkjar hev for mengdi altid vore det same som
ein materialist, ein som «korkje trur på gud eller fanden» og
Den upphøgde Lama bed dykk høyre.
443

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 22:49:56 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1930/0451.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free