Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Hulda Garborg: Krishnamurti
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
45g Hulda Garborg
og livsform må skifte med det; eit menneske er likso lite
som noko anna i naturi ferdigt. Men det må vera fritt.
Slik som me no ser Krishnamurti er han fysst og fremst
ein eldhuga reformator for sitt eige folk. Nokon stor diktar
som Tagore synest han ikkje vera, men eit varmt poe
tisk draumvore sinn med tankeflög mot klåre høgdir. Som
Gandhi er han idépolitikar, men tek andre vegar. Ein skulde
ikkje tru at han vil reise nokor revolusjonær rørsle men
ingen kann vita. Ved si personlege makt og si djupe reli
giøse innstilling, sitt unge mod og si disciplinerte tenkjing er
han komen «som eit friskt vårver» inn til sitt tradisjons
bundne og politisk ufrie folk. Med si brennande tru gjeng
han laus på ov-tru og daud formalisme og set live inn på å
føre India attende til den høge kulturstoda og den fridom
det eingong åtte.
Men sanningi er ikkje knytt til éin gud eller éi lære;
«kann du sjå kva for ein blom bia sankar honningen av?
Lat kjettaren ha kjetterie, den ortodokse religionen; sank di
sanning frå blomestøvet av di eigi røynsle.»
«Kvart menneske er absolut einsamt,» segjer Kierkegaard.
Og ein hugsar desse ordi når ein les Krishnamurti. Og sjølv
verge-instinkte vaknar stundom i ein, som når ein les sam
røda millom dei tvo indiske vismennane i «Samhita-Veda» um
vegen til fridom. Eit levande menneske frå vesterheimen,
midt i livsens strid og leik vil naturleg reagere mot tanken
på denne absolute ynskjeløysa som gjer Yogi’en likesæl um
alt, soleis at tilvære eller «complete negation» er plent utan
interesse for honom. Yogi-umgripet høyrer vel austerlandi
til, um me enn kann finne det att på annan måte i det frie,
moderne, heilt resignerte menneske.
Liksom mine vegar altid gjekk utanum teosofien, so
må eg vedgå, at eg heller ikkje hev nokon trang til å sitja
ved «leirbålet» med dei mange tusund som no kvar sumar
samlar seg um Krishnamurti. Mengdi av desse tusund er vel,
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>