- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Enogfirtiende årgang. 1930 /
459

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Hulda Garborg: Krishnamurti

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Hulda Garborg.
Krislmamurti.
som han sjølv gong på gong tek upp att i talorne sine til
komne for å dyrke ein ny gud, finne ein ny autoritet, «få ei
ny krykke å stø seg til»
Kva finn dei ikkje på å spyrja den arme mannen um!
Han klagar ogso sjølv yvi alle dei fånyttuge spursmåli, men
svarar likevel med stort tolmod, ofte forvitneleg og klokt, um
det enn sjølvsagt mykje vert å ta upp att det same.
Sjølv er han no fulltrygg; hev funne «the Kingdom of
Happiness». Men ikkje er det alle gjeve å skyna koss ein kann
finne lukka sitt kongerike i ei verd, der ulukke og liding er
daglegt braud for millionar. Men djupare sett er det vel ogso
ei lukke å lide med dei ulukkelege. Det fører allvisst upp
etter.
Me nordbuar er mindre fallne for filosofi av det slage
som sermerker austrlendingen. Me er mindre contemplative;
tek sorg og glede, lukke og ulukke som me tek sol og regn
frå himlen. Her uppe under isheimen renn draum og dåd
ihop. Og liksom India etter Annie Besants, Tagores, Gandhis
og Krishnamurtis meining berre kann bergast av indiafolki
sjølve, so må vel ogso me brøyte oss eigne vegar til våre
fjelltoppar.
Men likevel trur eg me hev mykje å lære av India og
det som no gror fram der.
Um spursmåle England—lndia bør ein framand tala
minst mogeleg. Men at dei som no vil føre landet fram til
sjølvstyre i dei store dragi ser rett, kjenner ein seg meir og meir
trygg på. Dei er ikkje blinde chauvinistar, men folk som ser
kva India enno hev å lære og ikkje berre kva India kann
lære andre.
Engelsk mål hev bunde dei mange indiske folkeslag og
landslutar ihop, so ein innfødd reformator no kann nå til
kvar krå i det vidsveimde rike med ideane sine. Engelsk er
vorte den store ålmen-vegen millom dei mange målskilde
folki, etter «Indias heilage mål», sanskrit, som no berre dei
lærde skriv og talar.
Med sitt heimemål frå Madanapalle kom Krishnamurti
nær inn til sitt eige folk og vart ein stor lærar for det; men
med engelsk vekkjer han India og når verdi.
459

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 22:49:56 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1930/0467.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free