- Project Runeberg -  Scandia / Band IV. 1931 /
175

(1928-1931)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Halvdan Koht, Det nye i norderlendsk historie kringom år 1300

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Det nye kringom år 1300.

175

sipiell form og kvesse seg hardt dramatisk til, beint fram
for di kyrkja såg kräva og formåla sine mykje klarare enn
andre samfundsmakter, og for den skuld fånga denne striden
hovud-interessa både hos samtid og hos ettertid. Men det
bör ikkje bli glöymt at mykje i sjölve kyrkestriden hadde
reint feudalt innhald: usemja galdt ml. a. slikt som den
verdslege domsmakta i lene åt erkebispen, spörsmål om
retten til å ta toll, og spörgsmål om leidangsfridom for
»men-nene» åt erkebispen. Difor var det heilt naturleg at
erkebispen fikk stönad av store verdslege lénsmenner, og det
vart samstundes strid om maktskifte mellom konge og
hertog i det störste danske lene, hertogdöme Slesvig. Erik
Klip-ping tok heile denne striden i arv da han vart konge i 1259,
og i hans tid kom motsetninga til den verdslege feudalmakta
kvassare og meir ålment fram. Han vart nöydd til å gi
avkall på både politiske og ökonomiske rettar i lena til föremon
for »herremennene», og til slutt måtte han ferde ut
hand-festninga av 1282, den som gjorde herremanns-möte,
dane-hoffe, til fast og regelrett led i riksstyringa. Men det var
ikkje godviljugt han gikk med på ait dette, og han freista
skape sin eigen kongelege hær til motvekt imot adelshæren.
Han stod midt i striden da han vart myrda i 1286.

Morde på Erik Klipping har stött vore rekna for eit
politisk mord. Men i röynda har vi ikkje ringaste prov for
at dette var så, og dei fleste av dei som vart dömde
skyldige i morde, kunde legge fram ypparlege alibi-vitnemål.
Hovudsaka er likevel at morde vart utnytta til politisk
te-neste: det lukkas for enkedronninga å få ei rekke av
adels-förarane dömt utlæge, så dei måtte röme lande. Men denne
domen (fra åre 1287) vart opphave til noko nytt i
nor-derlendsk historie: eit samband mellom adelspartia i alle
tri rika.

Igjenom halvt-anna hundreår hadde det hendt gong på
gong at når det var indre strid — mellom parti eller
kongs-emne — i eitt av rika, så kom kongen i eitt av dei andre
rika og la seg opp i striden til hjelp for ein av partane.
Serleg hadde den danske kongen vore idig til å sette mäkta

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Feb 16 11:28:07 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/scandia/1931/0189.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free