- Project Runeberg -  Scandia / Band IV. 1931 /
176

(1928-1931)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Halvdan Koht, Det nye i norderlendsk historie kringom år 1300

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

176

Halvdan Koht.

si inn i borgarkrig i Noreg eller Sverike, og mange gonger
kann ein ettervise at det var indre-politiske synsmåtar som
avgjorde kva side inngreps-makta valde i striden. Helst
er det kyrkepolitikk vi såleis finn merke etter i tilhöve
mellom dei tri rika: kongane mötes i striden for eller mot
kyrkemakta.

Men det som hendte no i slutten av 13de hundreåre,
det hadde eit änna Iag: det var adelsklassa i alle tri rika
som tok til å samle seg i striden for si eiga klassemakt.

Dette innhalde i tilgangen vart slett ikkje klart med ein
gong; berre smått om senn löyste det seg ut or det flokute
nöste av strid og tingingar og ny strid som gikk for seg, og
det kom meir som et utenkt resultat enn som ein planlagt
politikk. For dei fleste granskarane har hendingane i denne
tida tédd seg reint kaotisk. Eg trur likevel det er mogleg
å finne ei framstemne som teiknar lina si fastare og
fastare fram igjenom striden, og som — gjenom allslags vingel
— förer fram til det som avgjer norderlendsk historie for dei
næste hundreåra.

Da dei utlæge danske adelsmennene måtte ut or
Danmark i 1287, rom te dei til den norske kongen. Det kunde
vere rimeleg nok, sia Noreg på den tida var i krig med
Danmark. Men ser ein på årsaka til krigen, kann ein skjönne
at det var meir som batt i hop. Den norske kongen hadde
krav på land i Danmark etter mor si, den danske
kongs-dottera Ingeborg, og etter tjuge år med krav og tingingar
hadde endeleg danehoffe i 1284 dömt at ho skulde få det godse
ho hadde krav på. Denne domen var i röynda ein led i
striden mellom kongsmakt og adelsmakt i Danmark; han hövde
med den landklöyvinga som låg i den feudale tanken. Nett
difor vilde ikkje Erik Klipping oppfylle domen, og så kom
krigen. Dei fremste av dei utlæge hadde vore med og dömt
for det norske krave, og når dei no tok til Noreg, var det
berre det naturlege framhalde av adelspolitikken deira. Nett
no, under dei unge sönene til Magnus Lagaböte, var det
adels-hovdingane som sat med all styringa i Noreg, og dei
feste med ein gong eit fast samband med dei utlæge danskane.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Feb 16 11:28:07 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/scandia/1931/0190.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free